Lett på tåKultur
Ballettgalla på Stord:

80 dansarar er klar for scenen

Det blir ballett både fredag og laurdag i kulturhuset.

AV Magne Kydland
Publisert

– Stord kulturskule presenterer «Ballettgalla» fredag 15. og laurdag 16. mars i storsalen i Stord kulturhus. Rundt 80 ballettelevar i alderen 7–18 år har siste tida arbeidd med denne framsyninga og er no klar for scenen. Det vert utdrag frå Don Quixote, Tornerose, La fille du Pharapn, Minkus, Esmeralda, Den stygge andungen og Tommelise. Sidan august har Tanya Gugleva vore vikar i ballettundervisninga og dette vert avslutninga på vikariatet. Tanya har koreografert alle dansane og har regien på heile framsyninga, skriv kulturskulerektor Anne Lene Østvold Jordåen i ei pressemelding.

Denne framsyninga er også ein del av kulturskulen sitt Nordea KUL-TUR-prosjekt. Kulturskulen har dei to siste skuleåra tatt del i Nordea-prosjektet KUL-TUR, som er eit kompetansehevingsprogram finansiert av Nordea og Norsk kulturskoleråd.

Kulturskulen sine elevar på fordjuping i klassisk ballett har for tatt del i «Talent møter mentor», eit samarbeid med Nasjonalballetten i Oslo. På ballettgallaen vil noko av det arbeidet bli presentert.

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut