SPELAR PÅ STORDKultur
70-åring skal markera 100-åring:

Åge Aleksandersen spelar gratiskonsert i sommar

Legenda la ut turneplanane sine tysdag kveld.

AV Marius Knutsen
Publisert
Oppdatert:

På tampen av fjoråret blei det kjent at Åge Aleksandersen og Sambandet vitjar Tysnesfest i sommar. Då 69-åringen la ut turneplanane sine på si eiga Facebook-side tysdag kveld, blei det kjent at han tek to turar til Sunnhordland i sommar.

16. juni spelar nemleg rockelegenda på Kværner – og konserten er gratis. Åge og bandet til Sunnhordland

– Det stemmer at Åge Aleksandersen og Sambandet skal spela konsert på Kværner, seier Odd Naustdal, kommunikasjonssjef i Kværner.

Kværner har ei rekkje store arrangement på tapetet for å markera sitt 100-årsjubileum i år.

– Me var tidleg ute med førespurnaden. Me har tidleg definert den opne dagen vår i juni som hovudarrangementet vårt i samband med jubileet vårt og ville ha ein stor artist, seier Naustdal.

Aleksandersen fyller sjølv 70 år 21. mars.

– Kanskje kan me feira saman, seier Naustdal.

Resten av programmet for open dag på Kværner er endå ikkje spikra.

– Det blir open dag på tradisjonelt vis med alt som høyrer med. Aktivitetar, servering og så får me sjå kva anna me kan finna på for å markera jubileet vårt.

marius@sunnhordland.no

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut