Rocka Arena:

Audrey Horne i storslag

Storfint besøk på Arena fredag kveld.

AV Pål Solli Paulsen
Publisert
Oppdatert:

Bergensbandet Audrey Horne er ingen kven som helst. Med Spellemannpris og nominasjonar for debutplata «No Hay Banda» i 2005, viste dei allereie då at dei var ein sterk kandidat til å bæra framtida til norsk rock vidare.

Albuma deira «Youngblood (2013), «Pure Heavy» (2014), og ikkje minst den nyleg aktuelle «Blackout» (2018) skulle markera seg på hitlister både her til lands og utanlands. Sistnemnde vant månadens og årets album i ei rekke respekterte rockemagasin, og dette har etter kvart ført dei opp på den store konsertscena, også ut over landegrensene.

Difor kan ein trygt seia at det fredag kveld kom storfint besøk innanfor dei litt meir intime konsertveggene på Arena, der ingrediensane var god gammal melodisk hardrock av ypparste internasjonale klasse.

Og med blant anna den heimvende son, Arve «Ice Dale» Isdal. også kjent frå black metalbandet Enslaved, skulle dei for alvor setja fyr på eit rockelystent publikum.

Blant dei mest ivrige av fansen som møtte opp denne kvelden, var Trond Kjetil Odland. Han har vore ein dedikert fan av bandet sidan deira første utgjeving på midten av 2000-talet.

– Då eg høyrde dei første gongen, minna då meg om eit anna favorittband, Thin Lizzy, som spelte enkel hardrock i same stilen. Spesielt på grunn av bruken av doble elgitarar i solo.

Han har gleda seg i månadsvis til denne konserten, og har opplevd bandet live minst fem gonger før.

– Eg skulle ønska eg kunne vore på fleire, seier Odland. FAN

Han trekk også fram hans tilknyting til Arve Isdal via Enslaved – som gjorde at han oppdaga bandet.

– Eg høyrde at Isdal hadde vore med å starta eit nytt band som heitte Audrey Horne. Derifrå og ut har eg følgd gjengen.

Saken fortsetter under annonsen.

Han og dei mange andre frammøtte skulle bli vitne til eit band som på ingen måte skuffa. Snarare tvert imot, dei imponerte.

Audrey Horne nølte ikkje eit sekund, då dei entra scenen og spelte opp det høgst energiske opningsnummeret «This is War», før vokalist Torkjell «Toschie» Rød og resten av bandet ynskte alle velkommen til «Audrevolution».

Med dette var standarden sett. Gitarsoloane sat laust hos både «Ice Dale» og Thomas Tofthagen, noko som fekk mange av framføringane til å bli som framifrå «gitar battles». Dei skulle også slå på stortromma med eit aldri så lite trommeshow på «Light Your Way», der også trommeslagar Kjetil Greve får skina. Og i tillegg til «Toschie» sine prikkfrie vokalprestasjonar, må ein også beundra hans innsats på tamburinen i mange av låtane.

Med fokus på låtar frå dei siste tre albuma, gav dei alt dei hadde å by på – både på scenen og ute blant publikum. Og dei hadde mykje meir krut på lager. For dei gav seg ikkje før dei hadde spelt tre ekstralåtar. Då var det ikkje feil at dei runda av med den mest anerkjente låten «Redemption Blues», etterfølgt av unison allsong i «Waiting For The Night» og siste prikken over i-en med «Straight Into Your Grave» – til stor stemning og jubel blant publikum i salen.

Etter ein energifylt og veldig godt gjennomført konsert, møter eg igjen Trond Kjetil – som nettopp har sett favorittbandet live atter ein gong. Han kalla det ikkje uventa «ei magisk oppleving frå start til mål», og det verka det som dei fleste frammøtte var samde om.

180 besøkjande tok turen til konsertlokalet på Stord denne kvelden. Dette er tal leiaren på Arena, Geir Kannelønning er godt nøgd med.

– Det er ok, men eg er nok enda meir nøgd med konserten i seg sjølv, seier han.

Trond Kjetil Odland vel også å skryta over publikummet som møtte opp på Arena denne kvelden.

– Synest det er flott at norske rockeband kjem til Stord, og eg var i utgangspunktet redd for at publikum her ville svikta dei. Men dei stilte opp og leverte, sluttar Odland.

AUDREY HORNE

  • Konsert: Audrey Horne
  • Dag og stad: Fredag den 30.08 på Arena Stord
  • Audrey Horne: Torkjell «Toschie» Rød, vokal, Arve «Ice Dale» Isdal, gitar, Thomas Tofthagen, gitar, Espen Lien, bass og Kjetil Greve, trommer
  • Publikum: 180

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut