Lokale artistar:

Båt-konsertar på Tysnesfest

Det vert lokal musikk på fleire skip under Tysnesfest.

AV Ingvild Eide
Publisert
Oppdatert:

Stordabu Vibeke Grov, går under artistnamnet Mukti og slapp sin første singel for to år sidan. Sidan då har ho hausta ros og fått speletid på radio.

Båtkonsert

Både ho og bandet kjem til Tysnesfest i år, og skal opptre ombord på MS Sunnhordland til kais i Våge laurdag 13. juli.

Grov fann musikken då livet vart snudd opp ned av alvorleg sjukdom, noko Sunnhordland tidlegare har skrive om.

Blues

– Med eit brennande ynskje om å inspirera og gjera ein forskjell, er det den kjenslemessige kontakten til musikken og publikum som står i fokus hos singer-songwriteren frå Stord. Musikken beveger seg innan ulike sjangrar og har eit underliggande bodskap om friheit, skriv festivalsjef Øystein Vaage i ei pressemelding.

Tysnesfest-leiinga oppdaga MUKTI på 100 dagar på Stord i vinter, og vart bergtekne av formidlingsevna hennar.

Blues

I tillegg vert det tradisjon tru «Bluescruise» med Big Men Bluesband, ombord på MS Midthordland. Båten vil ikkje berre liggja til kai, men ta publikum med på ein tur i skjærgarden, medan bluesmusikken strøymer ut.

Big Men Bluesband vart etablert hausten 2003 som Tysnes Bluesband, men av fysiske grunnar vart namnet endra etter kort tid.

– Dei har sjølv uttalt at dei er bandet med klart mest «tyngde» i norsk blues. Medlemmane er alle ihuga bluesentusiastar og spelar med stor iver og innleving, skriv Vaage.

– Bandet har spela konsert på Tysnesfest i så mange år at me kunne ikkje bryta tradisjonen i år heller!

Big Men Bluesband skal spele på to bluescruise laurdag 13. juli.

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut