ProfessorKultur

Bjørn Sortland ny professor ved Norsk barnebokinstitutt

Forfattar Bjørn Sortland blir professor i skrivekunst ved Norsk barnebokinstitutt frå januar 2020.

AV NPK-NTB
Publisert
Oppdatert:

Sortland er tilsett som professor i ein 50 prosent stilling over fire år, skriv instituttet i ei pressemelding.

Instituttet jobbar med å etablera ei masterutdanning i barnelitterær skrivekunst, i tillegg til den eksisterande forfattarutdanninga dei har på bachelornivå. Det er i samband med dette Sortland har vorte tilsett.

Dei skriv at Sortland mellom anna skal jobba med innhald, rettleiing og undervisning ved begge skrivekunstutdanningane.

Forfattaren frå Bømlo har skrive fleire bøker i sjangrar for barn, unge og vaksne. Bøkene er omsette og utgitt i 24 land. Han debuterte med boka «Det er ikkje natta» i 1992.

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut