Flott syn:

Dei sju fjordabåtane skapte stemning

Nostalgien kom tydeleg fram då staslege fjordabåtar fylte gjestehamna i Våge andre pinsedag.

AV Hans Ole Dalland
Publisert
Oppdatert:

I kring tre timar kunne tysnesingar, hyttefolk og andre frammøtte få nærkontakt med dei populære og velhaldne fjordabåtane. Mange hadde interesse av å få med seg dette sjeldne «øyeblikket».

Det krydde med folk i alle aldersgrupper både om bord i båtane og på heile hamneorådet, som verkelg har fått ein ny og flott tilvekst i løpet av våren og byrjinga av juni med den nye E-bryggja. Gjestehamna har fått vesentleg utvida kapasitet og er klar til storinnrykk under Tysnesfest i juli.

Treff

Trass i nokre regnbyer var stemninga av aller beste sort. Tysnes musikklag underheldt. Ordførar Kåre Martin Kleppe ønskte både mannskap og passasjerar på fjordabåtane velkomne og delte raust ut med ros til alle friviljuge som står på for kystkulturen og på andre område.

Det var matmarknad, Tysnes kystlag var på plass, to veteranbussar sytte for skyss til Haaheim Gaard, og elles var det ei rekkje andre aktivitetar og innslag som gjorde ettermiddagen triveleg både for store og små.

Følgjande flotte fjordabåtar tok del: MS «Atløy», MS «Granvin», MS «Vestgar», MS «Sunnhordland», MS «Midthordland», DS «Stord» og DS «Oster».

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut