– Det var jo lengre kø på museet enn i Legoland

Åtte år gamle Othilie Nystøyl var glad då det endeleg blei hennar tur til å laga hoppetau.

AV Kjetil Østrem
Publisert
Oppdatert:

– Det var litt lenge å venta, vedgår åtteåringen.

God stemning

Mamma Hilde Koppang Nystøyl fortel om lange køar, men god stemning, på den opne dagen på Sunnhordland Museum laurdag.

– Det var faktisk lengre kø her enn i Legoland, ler ho.

Ventetid

Noko av årsaka var nok det flotte haustvêret som bestemte seg for å dukka opp, med lette skyer og sol.

Les også: Løyver 15,2 millionar kroner til Sunnhordland Museum

Stoffremser

Othilie, som til dagleg er tredjeklassing ved Rommetveit skule, er veldig glad i å laga ting sjølv. Difor var det spennande å tvinna hoppetau saman med Astrid Haugland og Oddrun Øwre frå Stord Husflidslag.

– Dette er ein gammal tradisjon der me brukar elastiske stoffremser. Dei toler mykje stretch og raknar ikkje, fortel Haugland.

Ho tykkjer det er stas at dagens ungar er så interesserte i gamle teknikkar og tradisjonar.

– Ulempa er at dei må stå så lenge i kø. Men belønninga kjem til slutt, smiler ho.

Saken fortsetter under annonsen.

Glede

Magisk

Teknikken går - enkelt forklart - ut på å tvinna stoffremser med ei sveiv. Deretter spinn tre remser seg saman automatisk, til eit tjukt og godt hoppetau.

Då det drog seg til blei det litt tungt å sveiva. Då var det godt for Othilie å få litt hjelp frå mamma.

– Sånn! Var ikkje det magisk? seier Haugland då hoppetauet er ferdig.

Og for dei som trudde at hoppetau var ein utdøyande kunst - ja, dei tek feil, skal me tru Hilde Koppang Nystøyl.

– Det verkar slett ikkje slik. Dei hoppar framleis heime hos oss, seier ho.

Nybygg

Årleg tilskiping

«Haust på museet» er ei årleg tilskiping, og eit fellesarrangement mellom Sunnhordland Museum og Stord Husflidslag. Her er det både kafe og mange aktivitetar for store og små, og sjølvsagt også eit høve til å sjå på dei mange flotte utstillingane museet kan freista med.

Det la heller ingen dempar på stemninga at årets arrangement gjekk av stabelen dagen etter at Sunnhordland Museum blei innvilga 15,2 millionar statlege kroner til nybygg og oppgraderingar av museumslokala.

– Dette er heilt fantastisk. Eg må nesten fella ei tåre, uttala dagleg leiar ved museet, Linda Øen, då Venstre-politikar Geir Angeltveit kom med nyhendet fredag morgon.

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut