RadarparKultur
«Gulla på rømmen»:

Gjev ut si andre bok saman

«Gulla på rømmen» er den andre boka Adina Kristensen (11) skriv saman med besten sin, Per Jan Ingebrigtsen (73).

AV Magne Kydland
Publisert

«Gulla og den fortrolla hesten» kom ut i 2016, på same forlag. Forfattarhonorara frå begge bøker går til Redd Barna.

– I «Gulla på rømmen» forsvinn gutungen, Galip, frå eit asylmottak, og mykje tyder på at han har hamna i klørne på ein kriminell bande. Den einaste vennen han har, norsketniske Gulla, bestemmer seg for å ta opp jakta. Det skal vise seg å vera ei langt frå ufarleg avgjerd, skriv forlaget i ei pressemelding om boka.

11-åringen har, ved sida av å vera forfattar saman med Per Jan Ingebrigtsen, også illustrert begge bøkene og har tidlegare jobba saman med besten i et større teaterprosjekt, der ho hadde ei viktig rolle.

«Gulla på rømmen» er den femtande boka til Per Jan Ingebrigtsen, i tillegg har han skrive mange skodespel, høyrespel, læreverk – og tekstar til 13 LP\CD-plater. Han har opp gjennom åra vore ansvarleg for fleire landskjente skriveprosjekt for barn og ungdom. Døme på det er ungdomsboka «Cathrines blues Helges rus» – eit samarbeidsprosjekt med ungdomsskuleelevar ved Dalsøyra skule i Sogn og Fjordane (1983). Boka, som blei gitt ut på «gamle» Fonna Forlag, blei både ein salssuksess og ein kritikarsuksess – og gjekk som opplesing i NRK-programmet, «Tid for bok». Boka blei også innkjøpt av Norsk kulturråd, og blei saman med undervisningsopplegget som førte fram til produktet, pensum både på høgskular og universitet.

– «Gulla på rømmen» er ei spenningsbok som tek opp eit brennaktuelt tema. Adina Kristensen skal opp i sjuande klasse på Slettebakken skule i Bergen. Det er, bokstaveleg talt ein fargerik skule, med elevar nær sagt frå alle «verdas kantar». Adina har venner som kjem frå forskjellige land, og som høyrer til ulike kulturelle miljø. Ho er ei sosialt engasjert jente, som sjølv har tatt initiativet til at inntektene frå Gulla-bøkene skal gå til Redd Barna, heiter det i pressemeldinga frå Forlagshuset Publica.

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut