La fram ideen under kulturdebatt:

Her kan Stord få sitt eige litteraturhus

Fleire politikarar tek til orde for å flytta biblioteket frå kulturhuset til Borggata.

AV Magne Kydland
Publisert
Oppdatert:

Det kom fram i kulturdebatten på Sykkel og Kaffi torsdag kveld.

For det er nemleg fleire parti som har i sitt program at dei vil ha biblioteket ut av Stord kulturhus. Høgre og Frp er blant desse, medan SV tek til orde for å opna filialar rundt om, mellom anna i Borggata.

– Høgre vil flytta tilbodet til ein stad det er meir tilgjengeleg. Me seier ikkje kvar, men me veit det er mange ledige lokale i sentrum. Så kan ein bruka dagens lokale i kulturhuset til andre aktivitetar, til dømes dans, uttalte Øyvind Kyvik (H), som meinte dette vil kunne løfta både biblioteket og Leirvik sentrum.

Ordførar Gaute Straume Epland (Ap) er ikkje uvillig, han heller.

– Ein spennande tanke og dei som har planar for Borggata vil gjerne ha eit samarbeid med kommunen med tanke på å etablera eit litteraturhus, fortalde Epland.

Kritisk

Sigbjørn Framnes (Frp) er også samd.

– Og dette hadde me i programmet også for fire år sidan, så eg får seia: Velkommen etter!

Frå klede til bøker

Åsa Eldøy i Borggata Futurum stadfestar at dei har planar om å få til noko slikt i Borggata 11.

– Vår draum er å skapa liv og gjenoppta aktivitet i Leirvik sentrum. Me ynskjer å trekka publikum opp i Borggata og området rundt, som har vore hovudgata vår tidlegare. I samband med dette byggjer me no Stord Helsepark. Her kjem det leiande fagmiljøet innan helse til å halda hus, og med det, mykje brukarar og publikum.

Saken fortsetter under annonsen.

Planen vidare er å bygga hotell på kaien og eit flott næringsbygg i Borggata 11. Tanken med eit litteraturhus og/eller flytting av biblioteket er spanande, men i utgangspunktet ikkje noko som Borggata Futurum tek stilling til eller står i front for å utvikla, seier Eldøy.

God stemning

Etterlyser kulturplan

Magdalena From Delis, som var blant tilhøyrarane, sakna at politikarane spurde ekspertane når dei la planar for kulturen.

– Det er høg kvalitet på kulturtilbodet i kommunen, men eg saknar at de snakkar med ekspertane. Det er koseleg å snakka om kultur. Men det er faktisk nokon av oss som lever av det, og det er ikkje alltid like koseleg. Eg saknar ein skikkeleg visjon for kulturpolitikken i Stord. Politikarane, som blir skifta ut kvar fjerde år, treng hjelp av ekspertisen, og av ein overordna plan. Her snakkar ein til dømes om å flytta dans til dagens biblioteklokale. Men er det nokon som veit om lokalet eignar seg til det? var utfordringa frå Delis.

Politikarane var nokså samstemte om at ein kulturplan var på sin plass. Men det er berre Frp som har programfesta det.

– Den gjeldande kulturplanen gjekk ut i 2008, og me som politikarar treng eit verktøy å styra etter, uavhengig av kven som sit i kommunestyret, eller har fleirtal, sa Framnes, og fekk støtte frå dei andre politikarane.

Samstemte

Lokalet på Sykkel og Kaffi var stappfullt og andre tema som vart diskutert var blant anna kulturskule og museum.

Det er ikkje ofte det vert arrangert ein rein kulturdebatt, og politikarane gav uttrykk for at dette syntest dei var kjekt. Men som Jakob Bjelland (Sp) summerte opp:

– Dette har vore ein kjekk debatt, men eg trur ikkje det er nokon her i lokalet som ikkje veit kven dei skal røysta på før dei kom.

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut