Ny singelKultur
Oddvar (50) har fans over heile verda:

Kværner-arbeidar på dagtid – popartist om kvelden

På dagtid har Oddvar Schei (50) ansvaret for sveiselærlingane til Kværner. På kveldstid drøymer han om å slå gjennom med musikken.

AV Marius Knutsen
Publisert
Oppdatert:

– Eg fekk eit spørsmål for rundt tre år sidan, om eg ikkje ville vera med i eit band. Eg takka ja, og sidan har det balla på seg, seier Schei til Sunnhordland.

50-åringen frå Bømlo har alltid vore musikkinteressert, men har aldri spelt sjølv.

– Eg kjøpte meg ein kassegitar og byrja å øva, seier Schei.

To låtar

I 2018 hamna den første singelen til Oddvar Schei på Spotify. I skrivande stund er det 131.677 lyttingar av låten «There`s nobody home».

– Det var bandmedlemmene som pusha meg til å bli med på noko som heiter Kompsession i eit studio inne i Etne i fjor. Der spelte eg inn ein singel som eg la ut på Spotify. Heilt tilfeldig blei eg brått ringd opp av ein amerikansk radiojournalist, som intervjua meg. Eg trudde først det var tull, men kort tid etterpå tok det fullstendig av med tanke på kor mange som var inne å høyrde på låten. Utruleg kjekt, seier Schei.

Sidan den gongen har han også gjeve ut singelen «Walk away» i mars i år. Den er det førebels 41.721 som har høyrd.

Mykje materiale

– Eg har alltid vore glad i musikk, og spesielt musikk frå 60- og 70-talet. Eg har vel alltid hatt ein draum om å spela musikk sjølv, men eg kjem frå enkle kår frå Bømlo og hadde ikkje mogelegheita til å kjøpa meg instrument i barndommen, seier Schei.

– Kva for musikk spelar du?

– Det er mange som seier musikken min liknar litt på Oasis og Beatles. Britpop frå 60-80-talet. Det er også musikk eg elskar å høyra på, seier Schei.

I desse dagar planlegg Schei ein ny tur til Etne, for å spela inn endå ein singel.

Saken fortsetter under annonsen.

– Eg jobbar også med å starta eit nytt band. Me har så vidt byrja øvingar, og håpar å komma skikkeleg i gang. Eg har skriva mange låtar, og har nok materiale til å gje ut eit album, seier Schei.

– Kva drøymer du mest om? Å gje ut eit album, eller å stå på ein scene?

– Oi, det var vanskeleg. Begge deler verkar utruleg gøy. Eg har tidlegare spelt i eit coverband. Me hadde mellom anna ein konsert på Fitjar Fjordhotell, og det gav verkeleg meirsmak. Eg fekk eit stort kick av å stå på scenen, seier Schei.

Sveiar

På Kværner har Schei jobba i ei årrekkje.

– Eg byrja som sveisar og har vore det i veldig mange år. Nyleg fekk eg fagansvaret for sveiselærlingane.

Fleire lokale musikarar er aktuelle med ny musikk. Les om:

John-Inge Rolfsnes

Cecilie Anna

Atle Hansen

Nils Horn

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut