ImponererKultur
Linda Eide:

Morosam monolog om Mottro

Linde Eide ser tilbake på både «gamle dagar» og sin eigen oppvekst på ein måte berre ho kan.

AV Magne Kydland
Publisert
Oppdatert:

I mange år har Linda Eide ringt mor si. Aldri for å spørja korleis det står til. Men for å grava fram noko gammalt som er nytt. For det mora fortel frå Linda sin barndom liknar ikkje på den barndommen Linda sjølv hugsar. Og når mora fortel frå si tid, også kalla gamle dagar, er det frå eit liv Linda aldri var ein del av. Byrja ikkje Mottro sitt liv med at Linda blei fødd?

Linda Eide briljerer i ei varm og vittig soloframsyning der ho forsøkjer å få has på desse mystiske gamle dagane. Ho som spør og grev, trur det let seg gjera. Ho som svarar kunne ikkje brydd seg mindre.

Med utgangspunkt i gamle foto frå familiealbuma tek Eide oss med på ei reise, frå mora Gudrun vart fødd, og fram til eigen oppvekst på 1980-talet.

Her får me høyra om då mora reiste til sjøs som ung, om den første telefonen i bygda, om livet på Bjørgjom, om Elvis, telegram i gamle dagar – utan emojis, om korleis mora møtte faren, Bernhard Eide frå Eide på Fitjar, om då mora gøymde alle kjolane til Linda på loftet, og om då familien samla seg rundt fjernsynet.

Alt fortalt på typisk Linda Eide-vis: Ho er ein ordkunstnar av rang.

Men det er òg tid til litt alvor, då ho fortel om tante Brita som døydde, berre seks år gammal.

Linda Eide skildrar mora sitt liv på ein framifrå måte. Og som ho sjølv seier: Det er slett ikkje alt ein treng vita.

Dette er ei personleg jakt i ei felles fortid, ei tankevekkjande framsyning med mat til både hjarte og hovud.

Me tek av oss hatten for både Mottro og dottro!

Framsyninga fekk strålande kritikkar etter premieren på Hordaland Teater i fjor haust, og no er Oppdrag Mottro rundt heile Vestlandet på turné. Framsyninga vert vist i Bømlo kulturhus fredag kveld, og på kulturhuset Husnes laurdagskvelden.

Linda Eide: Oppdrag Mottro

Hordaland Teater

Stord kulturhus, onsdag

Av og med Linda Eide

Regi: Arvid Ones

Mottro si stemme: Liv Bernhoft Osa

Lengd: 1 time og 20 min utan pause.

Publikum: 400 (nesten fullt)

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut