Steinkjekk helgKultur
Skattejakt:

No kan du vinna ein gullstein frå Lykling

Skattejakt, med ein skikkeleg premie.

AV Kjetil Østrem
Publisert

– Me ønskjer å gje innbyggjarane våre, i alle aldrar, ei oppleving av at geologi kan vera kjekt, spennande og interessant, seier dagleg leiar, Nina Meldahl Olsen, i forkant av Geologiens dag i Moster Amfi sundag.

Hemmelege meldingar

Her blir det blant anna skattejakt for barna, der alle barna får premie, og blir med i trekkinga av ein liten, ekte gullstein frå Lykling. Du kan også prøva deg som steinslipar, og skriva hemmelege meldingar med runer, knytte rundt steinar. Mikroskop vil visa kva stein består av, og kor vakkert og unikt det er.

– Eg har sett bilete av tynnslip i mikroskop. Stein er magisk kunst, seier Meldahl Olsen.

Meteorittar

Årets tema er meteorittar. Brynjar Stautland, prosjektleiar i Geopark Sunnhordland, vil presentera temaet og ta folk med på ei lita geo-vandring.

– Meteorittar kjem frå universet og er IFOAR, identifiserte flygande gjenstandar. Dette burde vera fascinerande og spennande, meiner Stautland.

Portal

Kafeen er open, og ein kan mellom anna kjøpa seg potetsalat med spekemat, pølse i brød, som folk kan grilla sjølv over bålpanna, og nysteikte lappar.

– I og med at regionen har fått status som portal for Geopark Sunnhordland er det heilt rett at me markerer denne dagen, seier Nina Meldahl Olsen.

Geologiens dag er eit årleg, landsomfattande arrangement, der målet er at folk flest skal få oppleva kva geologi er. Det er norsk geologisk forening som i mange år har markert denne dagen over heile landet.

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut