NOMINERTKultur
Lokal filmskapar

Nominert til pris for kortfilm

Filmskapar frå Bømlo kan vinna pris for årets beste kortfilm.

AV Anders Totland
Publisert

Ons­dag blei det klart kven som er no­mi­nert i dei uli­ke ka­te­go­r­ia­ne til Kort­film­fes­ti­va­len i Grim­stad. Blant dei no­mi­ner­te er bøm­lin­gen Bjørn Sort­land, som el­les er mest kjend som for­fat­tar, og var fes­ti­val­for­fat­tar un­der fjor­å­rets Fal­tu­ril­tu på Stord.

Sort­land er no­mi­nert til «Bes­te kort­film», sa­man med Mads An­der­sen, for fil­men «Ju­lie (15)». I til­legg til å ha delt regi på fil­men, har Sort­land skri­ve ma­nu­set og hatt an­svar for pro­duk­sjo­nen.

– Film er sab­la mykje jobb, så det­te er eit smil i kvar­da­gen. Sjølv om kon­kur­ran­sen er hard, er det kjek­ka­re å vera no­mi­nert enn å ik­kje vera no­mi­nert, sei­er Sort­land.

– Må ein til Grim­stad for å sjå fil­men?

– Ja, ein må nok det.

Vinnaren av prisen, som blir kalla «Gullstolen», får 50.000 kroner. I tillegg kjem postproduksjon hos Nordisk Film Shortcut til ein verdi av 50.000 kroner.

Klikk for å sjå kommentarar