KJEM TIL TYSNESKultur
Siste booking:

Norsk popartist til Tysnes

Julie Bergan kjem til Tysnesfest i sommar.

AV Ingvild Siglen Berger
Publisert
Oppdatert:

Det skriv festivalleiinga i ei pressemelding.

Les også: Båt-konsertar på Tysnesfest

Bergan tek med seg eit fullspekka liveshow laurdag 13. juli. Då skal mellom andre også Kjartan Lauritzen, Broiler, Ina Wroldsen og Kriminell Kunst stå på scenen.

– Julie Bergan har vist seg å vera ei av dei mest ettertrakta og energiske liveartistane landet har å by på. Med sin livlege personlegdom, kraftfulle vokal og altoppslukande framføringsevne skyt ho publikums forventningar til himmels, og innfrir så til dei grader, skriv dagleg leiar Øystein Vaage i pressemeldinga.

Den unge songaren er mest kjend for songen «Arigato». Ho har også samarbeida med Alan Walker, som ho turnerte verda rundt med i fjor.

Les også: Skambankt skal rocka på toppen av Tysnessåto

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut