Blir utsettKultur

Ravatn-framsyning utsett

1.300 har kjøpt billett. Men no er teaterstykket utsett på ubestemt tid.

AV Vidar Hope
Publisert
Oppdatert:

Framsyninga på Det Norske Teatret er basert på Agnes Ravatn si kritikarrosa bok «Operasjon sjølvdisiplin» som kom ut i 2014. Etter planen skule teaterstykket har premiere i dag, men slik blir det ikkje, ifølgje NRK.

Charlotte Frogner har den einaste rolla i stykket. Teatersjef Erik Ulfsby ved Det Norske Teatret seier til NRK at dei jobbar for å få framsyninga ferdig, men veit ikkje om dei kjem i mål.

– Me har avgjort at me tek oss den tida me treng for å bli ferdige. Kvaliteten går først, seier han.

Les også: Slik var premieren på Ravatn-stykket «Verda er ein skandale» på Stord

Agnes Ravatn seier til NRK at ho hadde sett fram til premieren.

– Det er sjølvsagt veldig synd for alle som har kjøpt billett. Og eg skulle gjerne vore på premieren. Men eg reagerer ikkje ut over dette, fordi eg har forstått at det ikkje er uvanleg å utsetja viss ein ikkje er klar, seier ho.

Magasinet: Agnes har verda for sine føter

Les også

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut