MUSEUMKultur
Fitjar:

Samkøyrer ope museum og Søndagsskulens dag

Årets open dag på Årskog museum får utvida program.

AV Ingvild Siglen Berger
Publisert

– Då open dag på Årskog Museum og Søndagsskulens dag har kollidert med tidspunkt tidlegare år, har ein i år bestemt seg for å samkøyra desse to arrangementa. Ikkje nok med det, men også gudstenesta blir halden på same stad, skriv Bente Bjelland, kultur- og informasjonssjef i Fitjar kommune, i ei pressemelding.

Tradisjonelt handarbeid

Arrangementet i Årskog går av stabelen søndag 1. september, med ulike aktivitetar for både store og små. Mellom anna vert det forteljarstund med Johanne Øvstebø Tvedten frå Sunnhordland museum i løa, som skal fortelja frå Sivert Sivertsen sin barndom. Det vert ministrikkekurs for Fitjarkastet, sjalet som høyrer til Fitjarbunaden, og husflidslaget skal visa oppstadveven.

– Dei vil òg visa mange andre tradisjonelle handarbeidsteknikkar. Det vert høve for born å laga hoppetau på tradisjonelt vis, melder kultursjefen.

Noko for alle

Elles stiller Harald Rydland med musikk og det vert kaféutsal, i tillegg til at Søndagsskulen og Sunnhordland museum held ulike leikar og aktivitetar.

– Her er noko for alle, så kom å bli med! oppmodar Bjelland.

Det er Fitjar husflidslag, Søndagsskulen, Fitjar sokneråd, Fitjar kyrkje, Fitjar Bygdekvinnelag, Fitjar husflidslag, Sunnhordland museum, Fitjar kulturkontor og Fitjar ungdomsråd som står bak arrangementet.

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut