Først utKultur
Ny sesong på Grand-scenen:

Stjerner og lokale heltar i jazzhausten

Det blir ei fin blanding av jazzstjerne og lokale heltar på jazzklubben i haust.

AV Magne Kydland
Publisert

Stord Jazzklubb har eksistert i nokså nøyaktig tre år. På desse åra har klubben arrangert godt over femti konsertar og prosjekt med eigenaktivitet for barn og unge.

– Jazzklubben vil kvar sesong ha lokale musikarar og band på konsertprogrammet, så er tilfelle også denne hausten. Klubben har sikra gjensyn med fleire publikumsfavorittar, men dei har og booka nye artistar og band frå øvste hylle av alle som står i kø for å få lov til stå på scenen vår. Velrenommerte Bergen Big Band med Dag Arnesen i spissen, og med fleire lokale musikarar i rekkjene, burde kunna trekkja fullt hus same kor dei opptrer. Beate Slettevoll Lech, som er med i Stjernekamp på NRK denne hausten, er vel det ein må kunna kalla «rosina i pølsa» i ein freistande jazzmeny, melder Stord jazzklubb i ei pressemelding.

Først ut er Benedicte Sjøvold Kvartett kommande laurdagen. Ho har blant anna med seg Stein Bakke, som opphavleg kjem frå Nordbygdo, og Ole Jacob Hystad er lokale innslag i bandet.

Omfattande program

Programmet vidare utover hausten ser slik ut:

Laurdag 28. september er det Breibandet Big Band som entrar jazzklubben sin scene på Grand Hotell.

– Bandet spelar god gammaldags storbandmusikk og legg vekt på å skapa både engasjement og begeistring hos publikum. Ensemblet har medlemmer både frå Stord, Bømlo og Fitjar. Leiaren Rune Koppang har denne gongen fått med seg røynde lokale jazzfolk, som Pål Roseth og Ole Jacob Hystad, melder jazzklubben.

Kvintetten Baker Hansen vitjar jazzklubben laurdag 5. oktober.

– Sidan 2010 har kvintetten laga sine eigne musikalske forteljingar, baserte på musikken til den amerikanske jazzlegenda Chet Baker, difor det litt gåtefulle bandnamnet. Konserten vil by på amerikansk cooljazz, tidlege jazzstandardar gjendikta på nynorsk og framført på dialekt av vokalist Sigurd Rotvik Tunestveit frå Ål i Hallingdal, heiter det i pressemeldinga.

Kjem tilbake

Laurdag 19. oktober blir det gjenhøyr med Trio de Janeiro.

– Når denne kvintetten entrar scenen, kan ein gle seg til ein humørfylt konsert framført av særs dyktige musikarar som evnar å formidla latinamerikansk varme på sjølv dei kaldaste norske haustdagar. Stordabuen Tor Yttredal og osingen Stein Inge Brækhus utgjer det lokale innslaget i ein kvintett som med stor suksess har halde mange titals konsertar rundt i heile landet, skriv jazzklubben.

Saken fortsetter under annonsen.

Fredag 25. oktober kjem The Real Thing tilbake.

– Nærare hundre fekk med seg ei feststund med kvartetten The Real Thing på Arena for halvanna år sidan. Dette fantastiske souljazzbandet har hatt stor suksess med sin utadvendte og swingande stil. Musikken er ei blanding av swing, blues, funk og rock utøvd av nokre av dei beste musikarane Noreg har, heiter det i pressemeldinga.

Jostein Bøyum er initiativtakar til konsertprosjektet Horace Silver Tribute band som vil eiga jazzklubben sin scene laurdag 9. november. Konserten er ein hyllest til ein av dei største personane i jazzen. Bandet framfører musikk laga av Horace Silver gjennom hans meir enn 50 år lange karriere som pianist, komponist, tekstforfattar og bandleiar. Jostein Bøyum på trompet og vokalist Wenche Bruun Lien, begge med adresse her på berget, er to av dei dyktige musikarane i sekstetten.

Frå Stjernekamp

Laurdag 23. november fyller Bergen Big Band med Dag Arnesen scenen på Kulturhuset.

– For nokre år sidan opplevde Bergen sin eigen Bill Evans, Dag Arnesen, noko som svært få jazzmusikarar er forunnt: Å bli folkekjær, ja nærast allemannseige, med platene i Norwegian Song-serien. Publikum vil kunna oppleva denne musikken, inspirert av m.a. Edvard Grieg, framført av Dag Arnesen ved flygelet i samspel med eit storband av internasjonalt format. Ein vil kjenna att fleire stordabuar i bandrekkjene, skriv Stord Jazzklubb.

Ny sesong i viseklubben

Beate Slettevoll Lech – alias Beady Belle – er ein av songartistane som er med i Stjernekamp på NRK denne hausten. Laurdag 7. desember vil ho, saman med bandet sitt og eit kor samansett av elevar frå musikklinja ved Stord vgs. og musikkstudentar ved HVL, framføra kjende og litt meir ukjende julesongar i hennar eiga drakt.

– Musikken er basert på Høgtidsrom, musikkprosjektet som Beate S. Lech hadde saman med SKRUK i 2014, eit prosjekt som er framført ei rekkje gonger ulike stader i landet. Styret i Stord Jazzklubb er glade for å kunna finna rom for stadig nye musikkprosjekt med eigenaktivitet for barn og unge, heiter det i programoversikta frå Stord jazzklubb.

Sjekk kulturprogrammet på scenar i Sunnhordland her!

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut