JubileumKultur

Stord Musikklag i gang med å øva til jubileumskonserten

Stord Musikklag er i rute til rute til jubileumskonserten om to og ein halv månad.

AV Magne Kydland
Publisert

Stord Musikklag har starta oppkøyringa til den store jubileumskonserten 16. november.

– Det vert eit variert repertoar med Ole Edvard Antonsen som solist på trompet, men Musikklaget skal og ha fleire eigne framføringar. Mellom anna står korpsklassikaren «Valdresmarsj» på programmet, skriv Stord Musikklag i ei pressemelding.

Musikklaget har i dag 30 aktive medlemer, men dei har henta inn gamle travarar og utflytta stordabuar til jubileumskonserten.

– Nesten alle som er inviterte til å vera med har svara positivt, og det ser ut som om jubileumskorpset vil verta på nærare 50 musikantar. Det vert jamne helgeøvingar utover heile hausten. Programmet som skal på plass er omfattande og byr på store utfordringar for alle musikantane i laget. Billettsalet er i gong, og folk har allereie byrja å sikra seg plass i Kulturhuset, heiter det i pressemeldinga.

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut