SKAL VISAST FRAMKultur
Ny utstilling på Leirvik:

Viser fram omstridd gatekunst

Galleri Günther med ny utstillingsopning til helga.

AV Ingvild Siglen Berger
Publisert
Oppdatert:

Gallerist Aleksander Isdal Günther inviterer til gruppeutstillinga «På kant med samfunnet», som opnar førstkommande laurdag.

Der vil det vera kunst i ulike sjangrar, og ein fellesnemnar for kunstnarane som stiller ut er at dei gjerne set søkjelys på aktuelle tema i dagens samfunn.

«Making a martyr»

I løpet av veka vert heile galleriet skifta ut for å gjera klart til opninga. Under utstillinga vert det høve til å sjå eitt av dei mest omdiskuterte politiske verka i Norge dei siste åra, nemleg «Making a martyr» av gatekunstnaren AFK frå Bergen. Det var i påsken 2018 at han laga verket, som viser tidlegare statsråd Sylvi Listhaug naken og krossfesta.

Ein stor del av utstillinga vil elles bestå av ti ulike motiv av gatekunstnaren Dolk, som i desember gjekk ut med sitt ordentlege namn, Andreas Hamran Færø, etter 15 år som anonym kunstnar.

Nimi kjem tilbake

Galleriet kjem òg til å visa kunst av Pushwagner. I tillegg kjem gatekunstnaren Naeem Searle, også kjent som Nimi, saman med gatekunstnaren Slapp for å mala på nye veggar. I januar mala Nimi eit to meter høgt verk på ein husvegg i Jens Hystadvegen, like ved Fengselet. Han kjem til å seia nokre ord under utstillingsopninga.

Det skal også stillast ut verk av mellom andre SKURK, Pøbel, Tom Korsvold, David Shrigley og Martin Whatson. Utstillinga skal stå fram til 10. mars.

Få med deg kva som skjer på detskjer.sunnhordland.no!

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut