VIKTIGLeiar
Leiar:

Di røyst er viktig!

AV Leiar
Publisert

Det har vore sagt så mange gonger før at kanskje har du allereie slutta å lesa. Men det må gjentakast. Og grunnen til det er at det er byggjesteinen i demokratiet vårt: At kvar og ein nyttar røysta si til å bli med på å velja ut dei som skal ta avgjerdene og bestemma retninga for samfunnet. I år er det leiinga av kommunane våre og fylket vårt det står om.

Eigedomsskatt, Nysæter ungdomsskule, kommuneøkonomi, miljø, E39 og Hordfast, institusjonsmat, grendeskular, ferjeruter, nytt basseng, bibliotek i Borggata og bompengar. Det er nokre av sakene som er blitt diskutert i valkampen. Kanskje er det éi av dei sakene du brenn for. Eller kanskje er det heilt andre saker. Uansett er det viktig at ein gjer opp ein rekneskap for seg sjølv om kva som verkeleg er viktig, og gjev røysta si til partiet som står nærmast sitt eige syn.

Les også: Ordførarkanditatane er gode vener

Stord har tradisjonelt lågare oppmøte ved val enn Fitjar. Ved førre kommuneval, i 2015, var det 62,8 prosent av veljarane i Stord kommune som røysta. Partiet som fekk flest røyster i Stord ved sist val var Arbeidarpartiet med 31,6 prosent. Det betyr at det aller største «partiet» var dei som sat heime i sofaen.

Så er det mange grunnar til at ein ikkje røyster. Men ein viktig og alvorleg grunn er kjensla av avmakt. Unge, innbyggjarar med innvandrarbakgrunn, og folk med lågare utdanning er gjerne overrepresentert. Den klare oppmodinga vår er å gripa makta, følgja hjarta, og ta eit val. Ved stemmeurna er éin av dei få plassane i samfunnet der alle stiller heilt likt. Sørg for at akkurat di røyst blir høyrt, og godt val!

Les også

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut