GladeLeiar
Leiar:

Kommunen mot straumen

AV Leiar
Publisert

Ofte er det slik at Stord går sine eigne vegar, og mot straumen, anten det gjeld aktivitet i næringslivet eller arbeidsløysa. Denne gongen er det politikk. For medan Ap og Frp er dei to partia som fekk mest juling på landsbasis i årets lokalval, så var Frp den store vinnaren i Stord, medan Ap held fast på sin posisjon som det klart største partiet i kommunen.

Ikkje berre er det endelege valresultatet annleis enn i landet elles. Det er også store endringar i høve til meiningsmålinga Norfakta utførte for Sunnhordland for ein månad sidan. Frp får langt høgare oppslutnad enn i meiningsmålinga, medan SV har blitt meir enn halvert siste månaden.

Les også: Desse fekk plass i kommunestyret på Stord

I Fitjar er det annleis: Sjølv om det er store endringar i høve til førre kommuneval, er det endelege valresultatet meir i tråd med det folk svara på telefonen for ein månad sidan. Difor var det ikkje særleg overraskande at KrF enda opp med eit brakval, medan Høgre gjekk kraftig tilbake. Mykje skal til om ikkje den nye ordføraren heiter Harald Rydland.

Les også: Reinert (36) og Tore (39) er nye i kommunestyret

Nokon vil kanskje seia at Frp gjer eit oppsiktsvekkjande godt val i Stord. Men resultatet er ikkje overraskande: Frp har først og fremst vore flinke i valkampen, og fått snakka om sine saker. Partiet har også ein røynd og sterk frontfigur. Frp har profilert seg som partiet for Sagvåg, og her gjer dei eit svært godt val. At Stord har blitt peika ut som ein av satsingskommunane frå sentralt hald, noko som har generert meir pengar til valkamp, har nok også spelt inn på det gode valresultatet. No blir det spennande å sjå kva samtalane fører med seg, og kven som til sjuande og sist hamnar i posisjon.

Få med deg alt om valet på Stord og Fitjar her!

Les også

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut