BRU OG TUNNELLeiar
Sunnhordland meiner:

Må vera statleg plan

AV Leiar
Publisert

Politikarane står i kø for å komma med valflesk og budsjettlekkasjar no på tampen av valkampen. Ikkje alt er like vellukka. Stuntet til Senterpartiet og KrF i sist veke, der dei skulle redda ferjeavgangar, har vist seg rimeleg mislukka og nærast flaut. Då har me meir sansen for det FrP-toppane kom med torsdag, då dei gjekk inn før sørleg kryssing av Langenuen.

Regjeringa har nemleg vedteke ein statleg kommunedelplan for E39 Stord-Os. No skal kvar kommune i gang med reguleringsarbeid. Men Kommunal- og moderniseringsdepartementet er open for at også dette reguleringsarbeidet vert gjort av staten, slik mange ordførarar har ytra eit ynskje om. Etter valet skal det avklarast med kvar kommune.

Tysnes-ordførar Kåre Martin Kleppe meiner heilt klart at staten skal ta denne jobben. Både for å sikra framdrifta, og for å sikra at ikkje ulike kommunar tenkjer ulikt om dette store og kompliserte prosjektet. Gårsdagens nyhende betyr eigentleg ingenting konkret, og det kan framleis ta veldig mange år før me ser gravemaskinar i gang med å byggja ny E39. Men på papiret er arbeidet komme eit veldig langt steg lenger, og planlegginga er endå meir avklart.

Ser for seg ei 1.720 meter lang hengjebru over Langenuen

No er striden om kryssingspunkt lagt dødt, og det som står att er å få prisen ned slik at endå fleire kan støtta prosjektet. Vidare må ein sikra at naturinngrepa vert så skånsame som mogeleg, og dei avbøtande tiltaka så gode som mogeleg. Klarar ein ikkje dette, vil opposisjonen veksa i styrke, og prosjektet kan hamna i skuffa igjen. Ein reguleringsplan styrt frå staten vil uansett vera ein god idé for å hindra at det skjer.

Les også

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut