TRONG KOMMUNEØKONOMILesarbrev
Meiningar:

Bruk skattepengane treffsikkert!

AV Meiningar
Publisert

Det er kommunane som leverer dei aller fleste velferdstenestene i det norske samfunnet, slik som skule, barnehage og eldreomsorg. Difor er det viktig å ha ein god kommuneøkonomi.

På Stord har me ein trong kommuneøkonomi. Det må vera høg kvalitet på barnehagar, skular, helsetilbod og kulturtilbod i kommunen vår. Kvalitet kostar, og når overføringane til kommunen ikkje strekk til blir me nøydde til å skaffa oss midlar på eiga hand.

Eigedomsskatten som innbyggjarane betalar har gjort det mogeleg å investera i ungdomsskular og sjukeheim og halda drifta på eit kvalitativt godt nivå. Overføringane frå staten og regjeringa kunne vore større, men dei mørkeblå har prioritert det vekk. Det er ikkje bra for folk flest. Det er i kommunane me lever liva våre, difor angår kommuneøkonomien oss alle.

1 milliard i statlege overføringar nasjonalt utgjer ca. 3, 7 millionar kroner til Stord. Overføringane frå staten har auka i kroner, men har vore mindre enn pris- og lønsvekst, og når til dømes lærarnorma blir underfinansiert frå staten og skatteinntektene vert lågare enn forventa, så blir det tronge tider. Reknestykket går rett og slett ikkje opp, uansett kor mykje regjeringa vrir og vender på det.

Me i Stord SV vil bruka skattepengane våre treffsikkert. Pengane skal gå til velferd, ikkje velferdsprofitt og skattelette. Noverande regjering vel å gje 22 milliardar i skattelette til dei med mest frå før, framfor større overføringar til kommunane. Det blir ikkje fleire arbeidsplassar av denne skatteletta. Me må bruke desse pengane direkte til grøn omstilling og til auka velferd i kommune-Norge, og det skal me i SV syta for.

Anna Sofie Ekeland Valvatne
2. kandidat for Stord SV

Nils Magne Blålid
Leiar i Stord SV

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut