GODE ERFARINGARLesarbrev
Meiningar:

Deltaking i nasjonalt nettverk for aldersvenlege lokalsamfunn

AV Meiningar
Publisert

I kommunestyret sitt møte 20. juni hadde leiar for RHO-komiteen, Nils Tore Økland (Ap), ein interpellasjon der han utfordra meg som ordførar til å ta initiativ til at Stord kommune skulle bli med i eit KS-nettverk for aldersvenlege lokalsamfunn.

Eg er glad for at me allereie no har fått til svar at me får vera med i nettverket. Til liks med Økland ser eg dette som ei naturleg fortsetjing av det gode arbeidet me som kommune over tid har gjort innan eldreomsorg og universell utforming. Me har bl.a. vore pilotkommune for universell utforming. Me har satsa på utvikling av velferdsteknologi. Og me har gjennom prosjektet «Godt å bu heime» lagt vekt på å rådgje huseigarar og entreprenørar til korleis dei kan byggja (om) bustaden sin slik at ein kan bu der heile livet uansett kva som skulle komma til å skje.

Stord kommune har gode erfaringar med å vera med i slike nettverk. I dag er me med i fleire nettverk, m.a. Regionalt nettverk for folkehelse og Kommunenettverk for klima og kortreist kvalitet. Nettverka er gode møteplassar som gir oppdatert kunnskap, erfaringsutveksling og inspirasjon, og krev lite ressursbruk utover deltaking i samlingar.

Eit godt, helsefremjande og inkluderande lokalsamfunn er eit overordna mål for kommunen både i det kommande kommuneplanarbeidet, i folkehelsearbeidet og i utvikling av tenestene. For å finna fram til gode strategiar og tiltak trengst ulike former for kunnskap, der opplevingane og erfaringskunnskapen til innbyggjarane er særskilt viktig. Difor legg me stor vekt på å gjera det enklare for innbyggjarane å gi innspel til planar og utviklingsarbeid.

I tillegg er det nyttig å læra av andre kommunar og deira erfaringar. Eg trur difor det å verta med i dette nettverket kan gi eit betre grunnlag for vidare utvikling av kommunen i samsvar med eldre sine behov.

Gaute Straume Epland
Ordførar

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut