MEININGARLesarbrev
Meiningar:

Desinformasjon og sentralisering

AV Meiningar
Publisert
Oppdatert:

SV er imot dei nye store fylka m.a. fordi reforma skapar større avstand mellom veljarar og oss med politisk makt. Sigbjørn Framnes (bladet Sunnhordland 5/7) viser til at det var Ap og Sp som ivra mest for samanslåing av Sogn og Fjordane og Hordaland til Vestland. Frp ivra i alle høve ikkje mest imot.

Derimot uttalar kommunalpolitisk talskvinne Kjos (Frp, Aftenposten 24.9.18) at endringa frå 19 til 11 regionar er eit steg i riktig retning på vegen til å fjerne fylkeskommunane heilt. Regionsreforma er vedteken av regjeringa, inkludert Frp.

No varslar regjeringa lågare overføringar til kommunane, samstundes som dei har forplikta seg på krevjande tiltak for å nå klimamåla, tiltak som i høg grad kommunane må vere med å oppfylle.

SV kjem med direkte feilinformasjon

Framnes viser til store investeringar knytte til elektrifisering av ferjer som forklaring på den dårlege økonomien til det nye Vestland fylke. SV meiner at elektrifiseringa av ferjer er nødvendig for å nå klimamåla, og det opnar for ny teknologi-, nærings- og industriutvikling innan maritim sektor. Større statleg ansvar for utvikling av grøn næring gjennom løyvingar til dette hadde vore viktige steg i rett retning. I staden gir regjeringa 22 milliardar kroner i tilfeldige skattelette til dei som har mest frå før.

Det å byggje 4-felts-motorveg med fartsgrense på 110 km/t, samtidig som regjeringa har ei målsetting om 0-vekst i biltrafikken kostar derimot så det svir m.o.t. klima, artsmangfald og (bom) pengar. Dette framstår no som politisk spagat, med føtene godt planta på kvar side av E 39.

Framnes prøver ikkje å fremje Frp som partiet som skal redde klimaet. Det gjer han heilt rett i.

Kjellbjørg Lunde
Stord SV

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut