SyklistLesarbrev
Meiningar:

«Det går an å dela vegen»

AV Meiningar
Publisert

Svar til Bjørn Øystein Waage («Syklistane må også dela vegen»).

Stord sykleklubb oppmodar alle syklistar om å nytte rett utstyr til syklane sine. Punktum.

Før eg skriv vidare må eg avklare at eg representerer Stord sykleklubb og ikkje alle syklistar, men eg gjer eit forsøk å tale syklistane sin sak.

Bjørn Øystein, du har nok rett i at det syndast både her og der, og me syklistar er ikkje anna enn gjennomsnittet av befolkninga. Stord sykleklubb arbeidar fokusert på området haldningar, og om naudsynt korrigera me uønskt åtferd i eige rekke. Så er ikkje eg som leiar av klubben meir enn leiar av klubben. Syklistar har eige ansvar for eigne handlingar. Her kan ein sjølvsagt vere ueinig, og mange er ueinig. Ofte urovekkjande voldsomt ueinige, så lenge dei får seie kor mykje dei er ueinige med syklistar.

Kjernen i din frustrasjon ligg i, som eg tolkar deg, aktlaus framferd og respekt ein ikkje får. Og der kjenner eg som syklist, men og som meining mann meg igjen.

«Syklistane må også dela vegen»

Og då litt hunde-informasjon om enkeltmenneske meg: Eg er vaksen opp med hund og har sidan eg var liten omgått ulike hunderasar. Likevel er eg ikkje spesielt glad i lause eller hundar i lause band. Eg ser med uro på hundeskit på fortau rundt omkring. Eg er uroa over manglande kontroll nokre hundeeigarar har eller korleis dei hånleg seier at «hunden ville berre helse», då han står med snuten langt opp i...

For å vere konstruktiv kjem eg prøvande med nokre forslag: Dugnad på å bli betre til å visa kvarandre omsyn og respekt. Byggje opp ein god porsjon forståing i Stord-samfunnet at det er ulike brukarar av veg/stiane våre.

Nærmast til slutt hadde eg vore glad om dersom ein har ein frustrasjon om noko i samband med sykling, er eg å treffa på telefon eller til møte. Hylekoret med nettroll har mat nok, om dei er pro hundeeigarane eller syklistane.

Flott, Bjørn Øystein, at du har sett søkjelys på problemstillinga, eg er takksam for å kunne samarbeide om å dele vegen!

Det er snart vår. Del vegen!

Remi Andre Sortland,
Stord sykleklubb

Les også

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut