TrekantenLesarbrev
Meiningar:

Eikelandshuset i Borggata

AV Meiningar
Publisert

Kommentar til dei som vil fjerna «Trekanten», gr.nr 27, br.nr 135.

I seinare tid er den gamle fiskebutikken til Andreas Eikeland omtala som ei gammal rønna. No grip eigedomsutviklarane tak i det og skal få på plass eit stort fem-høgda hus som kan tena folket på Vikjo på ein betre måte enn kva som har vore.

Ja, mon det? Me som levde på Vikjo i dei fem lange og mørke krigsåra har gjerne eit litt anna syn på nett dette. Fakta er at nett denne fiskebutikken var med å skaffa ein vesentleg del av middagsmaten på Vikjo gjennom fem lange krigsår.

Les også: Vil byggja fem etasjar

Det er trist å høyra og lesa berre negativ omtale. Det var ei stor mengd med tyske soldatar som skulle ha mat, og dei skulle prioriterast. Det sytte dei styrande på den tida for. Ein prøvde etter beste evner å motarbeida til bate for folket på Stord.

Berre så vidt det ikkje gjekk gale. Ein levde i skuggen av skrivne og uskrivne NS-folk.

Dei var på Stord òg.
 

Ivar Føyno, Søreidgrend
Siste attlevande av Andreas Eikeland sin nære familie

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut