HordfastLesarbrev
Meiningar:

Folkeviljen, Hordfast og brua over Langenuen

AV Meiningar
Publisert

Fast vegsamband mellom Bergen og Stavanger har lenge vore ønska av mange. Rogfastprosjektet i sør er alt i gang. Hordfast står no for tur. To store prosjekt som kjempar for samferdselspengane med resten av Noreg. Det er mange oppfatningar om kor nyttige slike prosjekt er, prioritering og kor vegen skal gå. Folk er engasjerte. Lobbyistar driv si verksemd og myndigheitene skal til slutt samla fakta, fatta vedtak, løyva pengar og fastleggje utbyggingstempo. Hordfastprosjektet er no oversendt regjering for vidare avgjerd etter tilrådingar frå Statens vegvesen (SVV).

Dette er positivt, og det er positivt at begge alternativ for kryssing av Langenuen er oversendt. Mindre forståeleg er det at SVV tilrår kryssing av Langenuen i strid med interessene i Sunnhordland. Det er likevel å håpe på at når ein appellerer til folk om å ha respekt for ein statleg reguleringsplan, at den statlege myndigheit tar omsyn til samrøystes vedtak i kommunestyra i kommunane det gjeld, og samstemte innspel og kommentarar frå folk og næringsliv i regionen. Dette gjeld spesielt Sunnhordland, kor det er brei semje om at brua må kryss Langenuen i sør. Difor er det underleg at SVV har tilrådd eit alternativ i strid med dette, og som kostnadsmessig og tidsmessig er tilnærma lik.

Menon har på oppdrag frå Hordfast AS utarbeida ein rapport som viser stor positiv nytteverdi for regionar og kommunar tilknytt Hordfastprosjektet, og landet elles. Rapporten er basert på firefeltsveg, og viser også stor trafikkauke.

Rapporten visar at trafikken i opningsåret vil meir enn doble seg frå ÅDT 4.300 til 9.800.

Ei slik trafikkmengd vil på grunn av trafikktryggleik krevje meir enn tofeltsveg.

Ut frå rapporten vil den løysinga SVV har tilrådd med å krysse Langenuen ved Raunholm for å utsetje bygging av eit lite stykke firefeltsveg på Stord, vera utgått på dato alt i opningsåret.

Trygge vegar er eitt av dei momenta som har vore spesielt framheva som resultat av Hordfast. Den tilrådde løysinga frå SVV fører til det motsette og er logisk vanskeleg å forstå.

Det er forståeleg at slike prosjekt blir bygd ut etappevis, men kryssing av Langenuen ved Raunholm gir her ingen fordeler med tanke på det ein ønsker å oppnå. Tvert imot oppnår ein berre at trafikktryggleiken blir svekkja.

Saken fortsetter under annonsen.

Folk flest og næringsliv i Sunnhordland ser fram mot eit fast samband mot Bergen. Hordfast har også som mål og styrkja regionen. Det har vore lokale diskusjonar om nødvendig vegstandard, trasear osv. . Folk, kommunane og næringsliv har undervegs i Hordfastprosjektet vore invitert til å gje innspel til SVV og til å gje uttale til planar. Samla har det frå kommunar, Samarbeidsråd (ex Fitjar), folk og næringsliv frå Sunnhordland vore gitt eintydig tilbakemelding og uttale om at brua bør kryssa Langenuen i sør ved Jektevik. Men det er også kjent at nokre få personar har arbeidd inn mot SVV for å få bru lengst mogeleg nord i Langenuen. Disse personane er i dag offentleg tause om dette og om kva alternativ som bør veljast.

I BT 30.03.19 framgår det at det er mange positive uttalar frå vegmynde og politikarar til fordel for realisering av Hordfast. Øyvind Halleraker, lobbyist for Hordfast AS, uttalar at han er uroa for at ein no startar krangel og slik forseinka prosjektet. Dette er eit viktig poeng, men det er lite sannsynleg at nokon vil starte ein krangel om brua blir lagt sør ved Jektevik. Dette er noko dei fleste er einige om. Det einaste som kan medføre bråk er om brua blir lagt til Raunholm, stikk i strid med folkeviljen. Her må Halleraker sjølv ta eit ansvar for den risikoen, ved ikkje klart å gå inn for brua i sør. Føresetnad for Stord kommune si deltaking i lobbyselskapet var då også at dette selskapet skulle arbeidet for brua i sør.

Tar ein eit historisk tilbakeblikk på Trekantsambandet, gjekk også SVV den gang (saman med enkelte politikarar) inn for ei bru nord i Stokksundet i strid med næringslivsinteresser. Etter klar tale frå næringslivet og ordføraren i Bømlo, klarte ein til slutt å samle seg om Trekantsambandet i sør, og SVV bøya av og det blei eit svært vellukka samferdselsprosjekt. Halleraker kjenner til den prosessen. Den erfaringa kan ein no ta med seg inn i Hordfastprosjektet. Det må då vera enklare å arbeide med eit samla Sunnhordland i ryggen.

Vidare er det tidlegare etterlyst klar uttale frå andre sentrale politikarar frå Sunnhordland om dei støttar Sunnhordland sine interesser i denne saka, og i tråd med samrøystes vedtak, som også nokon sjølve har gitt si stemme til, i kommunestyre.

Tausheit om dette er vanskeleg å forstå og forklare overfor veljarane i Sunnhordland.

No er det ikkje omsynet til eigne syn og interesser det gjeld, men interessene og framtida for folk og næringsliv i Sunnhordland.

No er det også tid for å visa kva lokaldemokrati bety i praksis for Distrikts-Noreg.

Jan Helge Nesse,
Stord

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut