Nei til bompengarLesarbrev
Meiningar:

«Frp kjempar for mindre bompengar i Hordaland»

AV Meiningar
Publisert
Oppdatert:

Det er ikkje i det minste rart at engasjementet mot bompengar aukar i befolkninga når det på lokalpolitikarar sine initiativ dukkar opp den eine bompakken etter den andre. Verst er det i Bergen der heile byen rammes inn ikkje bare av ein, men av to bomringar for at dei som kjører bensin og dieselbilar skal melkes slik at dei som slepper å hente og levere barn i barnehage og må kjøre til fritidsaktiviteter skal få billegare kollektivtilbod. Frp har alltid protestert mot denne urettferdige og dyre måten å kreve inn pengar på.

No er heldigvis svært mange enig med oss. Dette har bompengepartia som heier på denne urettferdige ordninga lokalt og sentralt skjønt og vil forsøke å skape eit inntrykk av at Frp ikkje har lykkast i vår kamp mot bompengar. Det gjer meg anledning til å avlive nokre mytar og komme med litt fakta.

Frp har fått til mykje, men me er ikkje i mål i vår kamp mot bompengane.

I Hordaland har me sørga for at både Hardangerbrua og Vossepakken er blitt billigare. Dette gjennom løyving i statsbudsjettet som dei rødgrøne partia stemte imot.

Halsnøysambandet blir nedbetalt av staten og blir gratis lenge før tida fordi Frp kjemper mot bompengar og får gjennomslag for nokre steg i rett retning.

Så er det rett at me også med våre 15 % går på nokre tap i regjering og storting. Regjeringa sa til dømes nei til å krevje inn bompengar på ferja mellom Halhjem og Sandvikvåg som lokalpolitikarane sør i fylket ville. Dette snudde stortinget med Arbeiderpartiet i spissen og mot stemmene til Frp i stortinget blei det bompengar likevel.

Me har også i vår regjeringstid redusert talet på bompengeselskap for å få ned kostnadane til innkrevjing.

9. september er det lokal- og fylkestingsval. Alle bompengeinitiativ kjem frå kommunestyrer og fylkesting. Det er difor svært viktig å stemme på Frp om man er lei bompengane. Så om 2 år er det ny sjanse å sette saman eit storting der meir enn 15% av stortinget er bompengemotstandarar.

Helge Andre Njåstad,
stortingsrepresentant frå Hordaland

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut