HordfastLesarbrev
Meiningar:

«Gjer det enkelt – skriv ut sjekken!»

AV Meiningar
Publisert

Me kan vel alle vera einige om investering i Hordfast, ny fregatt, nye sjukehus og regjeringskvartal mm, alle som ein er tenkt til framtidige generasjonar, generasjonar som me er så opptatt av å ta vare på via vårt investeringsfond, som i dag er på 10.000 milliardar.

No har ikkje eg rekna eksakt på tala som alt dette vil koste, men la oss ta utgangspunkt i 1.000 milliardar kr. Då vert det jo berre for staten å bruka 10 prosent av fondet, skriva ut sjekken og vera ferdig med det. Ingen bompengar og renter å betala.

For å ta det ned på jorda litt, så tenk på om du sjølv har 10 000 kr i banken, og skuldar den same banken 1000 kr, då ville du vel berre kvitta deg med gjelda, eller?

Hordfast – eit elektronisk gjerde

Den som tapar er jo berre banken, samt mindre administrasjon (les styreverv for våre politikarar) og leverandørar av vegprisingssystem mfl.

Det går nemleg greitt å ha fleire generasjonar i same tankerekkje, til nytte for alle.

Så gjer det enkelt – skriv ut sjekken!

Svein-Egil Johansen,
Sagvåg

Les også

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut