VARMTLesarbrev
Meiningar:

Helsing frå oppgjeven og overoppheita pasient

AV Meiningar
Publisert
Oppdatert:

Viser til innlegg på Sunnhordland.no 27. juli i samband med problem med ventilasjonsanlegget ved Stord sjukehus.

Der svarer driftsansvarleg Robert Holmstrøm, «ingen fare», og at der det berre var éi av 28 pumper det var problem med.

Driftsansvarleg understrekar vidare at «situasjonen er under kontroll og at det er på inga måte kritisk». Han held fram med at «det ikkje er oppretta krisestab, og alt står bra til med pasientar og tilsette etter det han kjenner til».

Holmstrøm fortel at sjukehuset har backup-system som tek over dersom sjukehuset får problem med eit ventilasjonsanlegg.

Ventilasjonsanlegg på sjukehuset fekk trøbbel i varmen

Då undrar eg på kvifor blei då ikkje dette backupsystemet eventuelt kopla inn? Burde det ikkje vore oppretta ein lite krisestab, då det låg på 28-31 grader i dei ulike avdelingane? At mellom anna dei tilsette hadde rundt 35 grader på medisinrommet, der det krev konsentrasjon og nøyaktigheit.

Holmstrøm fortel vidare at «sjukehuset har også evakueringsrutinar til dømes andre rom, eller andre stader som er kjøligare dersom dette skulle vera naudsynt».

Endå ein gong undrar eg meg kvifor blei då ikkje alvorleg sjuke, eldre og menneske som ligg på sitt siste flytta over til desse romma, eller andre stader som er kjøligare? Og kvar på sjukehuset er det slike rom? Synest ikkje driftsleiar at det ikkje er på ingen måte «kritisk»/uverdig at pårørande ikkje får eit slikt tilbod, for å ta farvel med sine næraste? Når det er så varmt som det var då rundt på avdelingane.

Olga Anette Langøy Engen

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut