LangenuenLesarbrev
Meiningar:

Husnes Vekst krev sørleg kryssing av Langenuen

AV Meiningar
Publisert
Oppdatert:

Om kort tid skal det avgjerast kor E39 skal kryssa Langenuen. Eit vegval som vil få store konsekvensar for folket i Sunnhordland i mange generasjonar frametter. Avgjerda er blitt utsett mange gonger, seinast på førvinteren i fjor då samferdsleminister John Georg Dale bad Statens vegvesen (SVV) om å på nytt gå over planen for E39 Hordfast Stord-Os.

Det har aldri vore tvil om kva folket og næringslivet i Sunnhordland meiner. Eit overveldande fleirtal i tillegg til Hordaland fylkesting ber om og krev kryssing i sør.

På nyåret i år la SVV fram to økonomisk likestilte planframlegg for E39 Hordfast Stord-Os for departementet, eit for midtre og eit for søre kryssing utan tilråding for det eine vegvalet framfor det andre. Som me veit er SVV under stort press for å redusera kostnadene for Hordfast, noko dei også har klart med ein reduksjon på fleire milliardar mellom Os og Stord. Det ser no ut til at ein kan koma under 30 milliardar ved søre kryssing med ny 4-felts veg for heile strekninga Os-Agdestein. Men trass i desse reelle innsparingane, kom SVV etter ei tid svært overraskande ut med ei kort pressemelding der dei likevel tilrår midtre kryssing, stikk i strid med folkeviljen og med grunngjeving at då kan ein nytta meir av eksisterande veg på Stord enn ved søre kryssing nokre år frametter.

Går for midtre kryssing av Langenuen

I realiteten kan ein ved midtre kryssing utsetja kostnaden ved å byggja ny veg den 6,4 km lange strekninga frå Mehammar til Agdestein. Vidare sørover er det sjølvsagt likt for begge alternativ med tanke på å utsetja investeringar. SVV tilrår altså midtre kryssing ved å utsetja bygging av ein vegstrekning på det alternativet folket i Sunnhordland har sagt nei til. Det er snakk om vel 1 mrd. som kan utsetjast ved å nytta 6,4 km av dagens E39, som når den nye vegen er bygt til alt overmål vil vera ein tofeltsveg med høg standard heilt utan nytteverdi. Strekninga Mehammar-Agdestein vil då vera tilgodesett med heile 6 felt.

Dei fleste kjenner til den dårlege vegstandarden på Tysnes. Beste vegen på øya er frå Økland og sørover til Hodnanes og vidare til Skjelevik. Vegen frå Økland til Søreid er av så låg standard at det må byggjast heilt ny veg på den 7 km lange strekninga til nesten like stor kostnad som det ein kan utsetja av investeringar mellom Mehammar og Agdestein ved midtre kryssing. Ved søre kryssing får ein ny veg heilt frå Bergen til Agdestein inkludert oppgradering av over ei mil meir av hovudvegnettet på Tysnes enn ved midtre kryssing, ein dobbel gevinst.

– Er ikkje overraska

I desse dagar arbeider kommunane Stord, Tysnes og Kvinnherad med forstudie for Sunnfast, den store visjonen for vegfast samband mellom Kvinnherad og E39 Stord/Tysnes som også vil gjera Huglo landfast. Sunnfast vil korta ned reisetida Husnes-Leirvik frå dagens 70 min ned til 22 min og Husnes-Bergen frå dagens 180 min til 45 min. Dette vil skapa felles arbeidsmarknad og ein heilt ny dynamikk i Sunnhordlandsregionen. Kommunane har sett av 1 million til dette arbeidet. Norconsult har ved hjelp av SVV sine modellar komme fram til at Sunnfast i kombinasjon med kryssing i sør vil generera ein trafikantnytte på E39 på heile 9,6 milliard, 1,3 milliard meir enn ved midtre kryssing. Den 13 km lange omvegen for trafikken mellom Husnes og Leirvik om Søreidvågen på Tysnes ved midtre kryssing, milliardkostnaden med ny veg Økland-Søreid og ikkje minst nesten 1000 køyretøy lågare årsdøgntrafikk, vil gjera finansieringa av Sunnfast svært vanskeleg.

Skulle forstudiet for Sunnfast syna at brua over Husnesfjorden ikkje let seg realisera med det første, vil eit ferjesamband i denne traseen vera det klart beste alternativet for å knyta Kvinnherad til E39 i påvente av bru. Men også ferjealternativet kviler fullt og heilt på at ein vel søre kryssing.

Husnes Vekst ber samferdsleminister John Georg Dale og kommunalminister Monica Mæland lytta til folkeviljen i denne for Sunnhordlandsregionen, historisk viktige saka. Ikkje la ei mogeleg utsetjing av investeringar på nokre få prosent av totalkostnaden på eit alternativ folket i Sunnhordland absolutt ikkje ønskjer, vera utslagsgjevande i dette avgjerande viktige vegvalet. Vis kva lokaldemokrati betyr i praksis og gje oss sørleg kryssing av Langenuen.

Husnes Vekst
ved Håkon Røstbø
styremedlem

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut