BOMPENGARLesarbrev
Meiningar:

Ja, dei bompengane – dei bompengane

AV Meiningar
Publisert
Oppdatert:

Det har vakse fram mykje motstand mot bompengar, og det er skipa parti som heiter: Nei til meir bompengar mange stader. Og ikkje minst i nokre store byar kan det sjå ut til at dei kan verta ein politisk maktfaktor.

Lat oss sjå litt på dette. Og då tek eg til her eg bur, i Kvinnherad. Hadde me hatt Folgefonntunnelen utan bompengar? Sjølvsagt ikkje. Tunnelen er nedbetalt og gratis for lenge sidan. Og hadde me hatt tunnel mellom fastlandskvinnherad og Halsnøy utan bompengar? Svaret er nei her og. Tunnelen vert gratis den 6. september i år.

Me ser mot vest, og finn Trekantsambandet, som knyter Stord og Bømlo saman med Haugalandet. Og vidare over fjellet mot Austlandet og Sørlandet. Sambandet har vore gratis i fleire år no.

Enno lenger vest, på Bømlo er dei i ferd med å sluttføre Bømlapakken, som har ein kostnad på litt i overkant på 2 milliardar kroner. Det var som eit eventyr å sjå desse flotte vegane. Dei har ein standard som er unik i nasjonal samanheng. Bompengar? Ja, men dei vert ein jo ferdig med om nokre år. Og då kan bømlingane briske seg med vegar som mange vil sjå på, og misunne dei.

I nord er planlegginga av Hordfast komme ganske langt. Når det er realisert får ein eit ferjefritt samband mellom Nordhordland og Haugalandet, og sjølvsagt mot aust og sør. Bompengar der og, men som alle slike prosjekt vert det nedbetalt og gratis om nokre år.

Lenger sør er Rogfast i ferd med å ta form. Når det er ferdig får me eit ferjefritt samband mellom Nordhordland og Stavanger, i tillegg til tilgang til det meste av Sør-Norge. Her som i dei andre sambanda vert det gratis å nytta dette sambandet litt fram i tid

Ser me på alternativet så er det ferjer. I mange tiår har me betalt for å nytte desse ferjene. Ferjebillettar heiter det, men me kan like godt kalle det for bompengar, for det er jo det det i røynda er. Og utan vegar, bruer og tunnelar må me laga oss på å betale bompengar på desse hersens ferjene i all framtid. Er det eit godt alternativ? Mitt svar er NEI.

Det er sjølvsagt at bompengane vert nytta til å byggja vegar, bruer og tunnelar, og ikkje til noko anna.

Til deg som les dette: Tenk over kva som er mest tenleg å satse på, faste samband som er, eller vert nedbetalt litt fram i tid. Eller ferjer som me må betale for å bytte i all framtid.

Lennart Sortland
Sunde

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut