For kvinnerLesarbrev
Meiningar:

«Kryss ei kvinne!»

AV Meiningar
Publisert
Oppdatert:

Å krysse ei kvinne når du skal stemme er ei viktig handling!

I mange kommunestyre er lokalpolitikken ein guteklubb der menn tek avgjerder, sjølv om politikken påverkar kvinner kvar einaste dag. Det er berre 30 av kommunestyra i Noreg som har fleire kvinner enn menn, berre 28 prosent av ordførarane er kvinner. Det merkar vi.

Det er ikkje nokon grunn til å tru at mannsdominansen i politikken går mot ei endring. Forholdstalet mellom menn og kvinner som stiller til val er stort sett likt førre kommuneval, og vi ser at jo lengre mot høgre ein kjem, jo færre kvinnenamn finn ein på kommunevallistene. 54.254 personar stiller til val i år. Av desse er 23.258 kvinner. I 34 av kommunane er det kun mannlege listetoppar. 31,5 prosent av listetoppane er kvinner.

For SV er det heilt naturleg å sørgje for kvinnerepresentasjon på listene våre i heile landet. Vi har flest kvinner med 55 prosent kvinnelege kandidatar. Dårlegast i klassa er Frp som har 28 prosent kvinner på listene.

Dei siste årene har vi sett mange døme på kvifor det er viktig at kvinner tek plass i den offentlege debatten. Høgresida har nettopp gjennomført ei historisk svekking av abortlova, fødetilbodet i distrikta blir dårlegare, kvinner tener mindre enn menn og helsesektoren i landet vert drive nærast på dugnad av kvinner som ikkje får full stilling, sjølv om dei ynskjer og treng det.

Det er på høg tid at vi får fleire kvinner opp og fram. Om ikkje, forsvinn viktige stemmer og perspektiv. Valforskarane fortel oss at menn kryssar menn, og kvinner kryssar menn. Slik treng det ikkje å vere.

Du kan gjere noko med det! Tenk over kven du ynskjer skal representere deg i kommunestyret eller på fylkestinget. Å gje ei kvinne eit kryss på stemmesetelen er ei viktig handling som kan vere med på å sikre at halvparten av innbyggjarane vert betre representert enn i dag. Godt val!

Marthe Hammer,
1. kandidat for Vestland SV

Marianne Sæhle,
4. kandidat for Vestland SV

Hege Lothe,
leder for Vestland SV

Gina Barstad,
nestleiar for Vestland SV

Oddny Miljeteig,
gruppeleiar for SV i Bergen bystyre

Diane Berbain,
2. kandidat for Bergen SV

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut