«Hemmelege tenester»Lesarbrev
Meiningar:

«Me treng ein politikar som går til val på røyr»

AV Meiningar
Publisert

I april gjekk fristen ut for partia til å levere inn lister for valet 2019. mange har sagt ja til å gjera ein innsats for lokaldemokratiet i Sunnhordland. Gratulerer alle saman og takk for at dykk stiller opp!

Framfor oss står ein valkamp der alle politiske parti vil kjempe om både merksemd og veljarar. Debatten vil nok som vanleg handle om helse, skule og eldreomsorg. Det er bra. Men kommunevalet bør handle om mykje meir. Som ingeniørar slår vi i NITO eit slag for det vi likar å kalle dei hemmelege tenestene. Vatnet som kjem ut av springen. Kloakken som sildrar gjennom røra under gatene. Planane og teikningane som sikrar trygg utbygging.

Desse tenestene får merksemd fyrst når noko går galt. Når vatnet er ureina. Når kloakken lekk. Når planar ikkje er godt nok ugreia slik at bygg blir sett opp på utrygg grunn.

Kanskje du som står på ei av val-listene skal gå mot straumen og i staden for å bli «helsepolitikar», blir ein «vatn- og avløpspolitikar»? Det er nok av saker å ta tak i. Det er i mange av våre kommunar store etterslep i investering og vedlikehald av vatn- og avløpsnettet. Klimaendringane gjer at klimatilpasningane må bli betre, og dette krev grundige planprosessar.

Vi ser også at mange kommunar slit med å få tak i kvalifiserte ingeniørar. Vår oppmoding til deg som vil inn i kommunestyret er: Ta ein plass i det politiske landskapet som er ledig. Bli ein politikar som går til val på røyr!

Selma Elisabeth Næsse,
leiar i NITO Nord-Rogaland og Sunnhordland

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut