Klar for innsatsLesarbrev
Meiningar:

«Menneskeverdet skal ikkje krenkjast»

AV Meiningar
Publisert
Oppdatert:

Fordi me byggjer vår politikk på det kristne menneskesynet: Alle menneske er unike, og menneskeverdet skal ikkje krenkjast. Difor kjemper KrF for eit inkluderande samfunn for alle, for at Kulturskulen skal ha tilbod til alle uavhengig av funksjonsnivå, for eit fritidstilbod for alle born uavhengig av økonomi, for retten til eit verdig liv også når me blir eldre.

Fordi me byggjer vår politikk på nestekjærleiken: Me er skapte ulike med både fridom og ansvar til å leva i eit fellesskap der me tek vare på kvarandre, uavhengig av kven me er, kvar me bur eller kva me trur. Difor kjempar KrF for barnehagar og skular med rammer til å ivareta alle born, for valfridom for familiar, for betre koordinering og hjelpetiltak når vanskane blir store, for trusfridom og respekt også når me er ueinige.

Fordi me byggjer vår politikk på forvaltaransvaret: Verdiskapinga vår må vere slik at me ivaretar livsgrunnlaget for både oss sjølve og dei neste generasjonane, og med så rettferdig fordeling som mogeleg. Difor ynskjer KrF å ha gode og stabile rammer for næringslivet, stimulere klimavenlege næringar og redusere forbruket, difor vil me opne bekkeløp, sikre samanhengande grøne lunger og miljøvenlege hurtigbåtar.

Eg stiller til val for KrF fordi eg trur KrF kan gjere ein skilnad.

Godt val!

Britt Kristin Ladehaug,
2. kandidat for KrF

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut