RaudtLesarbrev
Meiningar:

Ny industriell revolusjon – rettferdig og miljøvennleg

AV Meiningar
Publisert

Noreg er ein av verdas største produsentar av olje og gass, ein industri som har gitt oss som nasjon stor rikdom i form av eksportinntekter, skatteinntekter, arbeidsplassar, teknologiutvikling og ei enorm finansformue plassert i oljefondet. Når dei globale klimagassutsleppa skal reduserast ned mot null dei neste 30 åra, vil det påverke vår viktigaste næring og heile norsk økonomi, og spesielt lokalsamfunn som er bygde opp rundt aktiviteten på norsk sokkel. Utan ei planmessig og rettferdig oppbygging av ny industri, vil vi stå i fare for å miste både arbeidsplassar, kompetansemiljø og kunnskap som fellesskapet er avhengig av. Alternativet er å fortsette som før og vente på ein marknadsstyrt krasjlanding den dagen globale klimaavtaler og karbonavgifter verkeleg får effekt. Ein slik kollaps tener verken arbeidsfolk eller miljøet på. Det så vi under oljenedturen i 2014, då aksjonærar og leiarar fekk milliardar i utbytte og bonusar, mens folk mista jobbane sine i tusental.

Vi godtar ikkje at dei som har bidrege med store verdiar til fellesskapet, er dei som må ta kostnaden ved nødvendige endringar av norsk økonomi, i møte med globale klimaendringar. Difor reiser vi kravet om ein ny industriell revolusjon – rettferdig og miljøvennleg.

All verdiskaping er viktig for samfunnet, men industrien er i ei særstilling fordi den produserer varer vi kan eksportere, utviklar ny teknologi og gjer det mogeleg å nyttiggjere oss av naturressursane. Å produsere ting som verda treng, i Noreg, gir oss også høve til å stille strenge krav til arbeidsforhold, utslepp og påverknad på miljøet. Difor er det viktig for Raudt at Noreg skal vere ein industrinasjon, og vi ser på industripolitikken som ein viktig del av klima- og miljøpolitikken. Saman sikrar dette livsgrunnlaget vårt – noko å leve av, og ein klode å leve på.

Utan ei planmessig og rettferdig oppbygging av ny industri, vil vi stå i fare for å miste både arbeidsplassar, kompetansemiljø og kunnskap som fellesskapet er avhengig av. 

Vi må forlate den «næringsnøytrale» konsensusen og gjere industripolitikk om til politikk igjen. Vi må bruke den statlege eigarskapen og konsesjonspolitikken aktivt for å sikre verdiskaping og auka vidareforedling, med utgangspunkt i den eksisterande industrien. Råvarene som allereie blir hausta og utvunne, må brukast til industribygging her heime og ikkje sendast uforedla ut av landet. Det gjeld spesielt skogbruk og treforedling, havbruk, fiskeri, landbruk og næringsmiddelindustri, samt kraftproduksjon, prosessindustri og mineral.

For å få til dette, må noko av rikdommen frå oljeverksemda takast i bruk. Formålet med oljefondet, er å forvalte formuen for framtidige generasjonar. Vi må spørje oss om dagens investeringar i Facebook, Google og handlegater i London verkeleg er det som gir den beste framtida for dei som kjem etter oss. Raudt meiner vi må bruke delar av oljefondet på investeringar her heime, i industribygging og klimavennleg infrastruktur, som jernbane og hamner, fordi finansformue på bok har lite å bety om femti eller hundre år viss industrien samtidig er nedbygd, arbeidsplassane forsvunne og klimaet har kollapsa.

Vi treng ein eigen industriminister med ein plan for verdiskaping, arbeidsplassar og miljø. Raudt krev at ein slik plan inneheld følgjande punkt:

1) Statleg eigarskap skal brukast aktivt for å behalde og vidareutvikle industriproduksjon i Noreg, auke graden av vidareforedling og sikre lengre verdikjeder i norsk industri.

2) Opprette eit nasjonalt industrifond, der ein del av oljefondet settast av til å gjere strategiske investeringar i innanlands industriproduksjon, med formål om å sikre teknologisk utvikling, auka eksport av varer, fleire industriarbeidsplassar, auka verdiskaping og meir vidareforedling i Noreg.

3) Opprette eit grønt infrastrukturfond, der ein del av oljefondet settast av til å gjere nødvendige investeringar i utbygging av klimavennleg infrastruktur som jernbane, kollektivtransport, ladenettverk, hamner og breiband i heile Noreg.

4) Oppdrag i forbindelse med investeringar i offentlege verksemder og statlege selskap, skal gå til verft og produksjonsverksemder i Noreg. Det skal stillast krav til godt partssamarbeid, faste tilsettingar, avgrensingar i kontraktkjeder og strenge krav til HMS og ytre miljø.

5) ENOVA og andre nasjonale støtteordningar, skal rettast mot prosjekt som har ein stor del av verdikjeda lokalisert i Noreg, eventuelt prosjekt som gjer det mogeleg å starte opp att produksjon som tidlegare er flytta ut av landet.

6) Kraftproduksjon skal brukast som eit industripolitisk og miljømessig verkemiddel, som sikrar industrien tilgang til langsiktige rimelege kraftkontraktar, med strenge krav til miljø og aktiv produksjon.

7) Ingen nye kraftkablar til utlandet.

8) Nei til utbygging av den planlagde North Connect -kabelen til Skottland.

Saken fortsetter under annonsen.

9) Eit statleg pilotprosjekt for flytande havvind må snarleg settast i gong, slik at den kompetansen som leverandørindustrien allereie har på flytande understell, kan brukast til å utvikle havvindteknologi eller havvind-infrastruktur som ein ny eksportnæring.

10) Norske verdsleiande skipsverft og forskingsmiljø, må brukast som utgangspunkt for storstilt satsing på utvikling av hydrogen som drivstoff i ferjer og skip.

11) Sette i gong statlege pilotprosjekt for elektrisitetsproduksjon frå djup geotermisk energi, basert på geologisk kunnskap og boreteknologi frå petroleumssektoren.

12) Langsiktig føreseieleg finansiering av forskings- og pilotprosjekt på karbonfangst- og lagringsteknologi tilknytt produksjonsutslepp som avfallshandtering og sementproduksjon.

13) Auka tilskot til ENOVA over statsbudsjettet, spesielt til utbygging av landstraum i hamner og klimatiltak i industrien.

14) Opprette støtteordning for fylkeskommunal satsing på elektriske ferjer, der byggjekontraktar går til norske verft og produksjonsverksemder.

15) Styrke miljøteknologiordninga og opprette eigen post under denne ordninga for støtte til utvikling av miljøløysingar i oppdrettsnæringa.

16) Sikre god og tilgjengeleg utdanning av fagarbeidarar i heile landet, med opprusting av verkstader på yrkesfagskulane, auke lærlingtilskotet, auke utstyrsstipendet for elevar og opprette fleire fagskuleplassar.

17) Setje i gong ei samkøyrt rehabilitering av eksisterande vasskraftverk for å sikre høg energiutnytting, god miljødesign og oppgraderte anlegg for framtida.

18) Styrke dei regionale utviklingsfonda, med verkemiddel som kan bidra til å utvide eksisterande industriklyngjer, forlengje produkt- og verdikjeder og skape lokalt forankra arbeidsplassar.

19) Opprette eit eige forskingsprogram for auka ressursutnytting av biprodukt i eksisterande industri.

20) Satse på utvikling av bioøkonomi for å sikre auka vidareforedling av ressursar frå hav, jord og skog, spesielt at eksporten av massevirke og lite foredla fisk, skal erstattast av vidareforedlingsverksemder i distrikta.

Rose Maiken Flatmo
1. kandidat Raudt Stord

Tore Roth Blokhus
2. kandidat Raudt Stord

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut