Slår tilbakeLesarbrev
Meiningar:

«Pinleg»?

AV Meiningar
Publisert
Oppdatert:

Den daglege leiaren i Hordfast AS, likar ikkje at eg omtalar han som lobbyist. Men som dagleg leiar i pådrivarselskapet Hordfast AS er det vel det han skal vere? Som Sunnhordland skreiv i artikkelen eg kommenterte: «Hordfast-lobbyist Øyvind Halleraker håper at ein «snarveg» skal gje raskare realisering». Eg har ikkje registrert noko utblåsing mot lokalavisa vår for dette, men det underteikna skriv er «pinlig» og å samanlikna med «nett-troll». Han om det, han vel sjølv kva han vil kommentere og måten å uttrykke seg på.

Så til saka: Halleraker meinar at eg gløymde å nemne at det primære har vore å endre startpunktet for KS2 (kvalitetssikringa), slik at det kan gå parallelt med reguleringsplanarbeidet.

Sidan eg ikkje var til stades på møtet og ikkje sett noko referat, må eg halde meg til det som blei opplyst i avisa. Sitat: «Halleraker oppmoda Mæland til å vurdere å la Statens vegvesen sleppa å gjennomføra ein kvalitetssikringsutgreiing 2 (KS2) for Hordfast. Det slepp det fristilte vegutbyggingsselskapet Nye vegar å gjera, og Halleraker meiner Vegvesenet burde få dei same vilkåra.»

Pinlig fra Kjellbjørg Lunde – igjen!

Altså; Halleraker tek til orde for å droppe KS2.

Det går også fram av artikkelen at fordi KS2, som tek halvtanna til to år, så meinar han på vegner av Hordfast AS «at dette kan gjerast samtidig med reguleringsplanen».

Dette oppfatta eg som ei slags heilgardering.

Det er ikkje mykje logikk i å sette i gang med reguleringsplanarbeid før kvalitetssikringa gir grunnlaget for at det er forsvarleg å sette i gang.

Men det blir nok ikkje slik som Hordfast AS ved sin daglege leiar driv intensivt lobbyarbeid for. Eg tvilar på at statsråd Mæland og regjeringa er av den meining at det viktigaste er å få fortgang i prosessen. Det politiske klima er ikkje nett slik for tida at det freistar å gi klarsignal for enda eit bompengeprosjekt, der bompengane i tilfelle blir «all time high».

Kjellbjørg Lunde

Les også

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut