DebattLesarbrev
Meiningar:

«Stord Frp undervurderer industrien»

AV Meiningar
Publisert
Oppdatert:

Eg undrast om Frp er samkøyrde seg imellom. I avisa kritiserer dei miljøløftet på ferjedrifta med at tilbodet er dårlegare – men dei var trass alt forslagsstillarar på miljøanbodet saman med alle dei andre partia. Derimot røysta Frp åleine mot eit ønske om driftsgaranti.

Industrien på Stord har omstilt seg når behov og mogelegheiter har bydd seg. Kværner, Wartsila, NCE Maritime Cleantech osb. ønskjer å skapa fleire industriarbeidsplassar gjennom å utvikla ny teknologi. Det kan me få fortgang i ved å vere blant dei første kundane som skapar ein marknad (subsidiera) for dei. Norge har lang tradisjon for å satsa på nye marknadar og industriar for å få dei opp og gå og lønsame. Ei satsing på havvind kan bidra til å skapa fleire og meir varierte industriarbeidsplassar, bidra i det grøne skiftet og skåna Grønafjellet for vindmøller. Aibel i Haugesund landa nett ein milliardkontrakt for havvindplattform. Norsk offshoreindustri er perfekt som leverandør for det europeiske fornybare energimarknaden.

«Stord Frp er på lag med industrien»

Frp avskriv NCE Maritime Cleantech m.fl. som ein «lokal tenketank». Noko som visar at dei ikkje har forstått korleis industriklyngja, testsenteret, og dei 100+ partnarar eigentleg jobbar saman for å sikra arbeidsplassar i alle offshoresektorar. Venstre vil oppmode Stord Frp om å ta imot den direkte invitasjonen frå dei til å koma å sjå kor breidd og framtidsretta det nasjonale kompetansesenteret vårt på Stord arbeidar. Det er mi siste oppmoding i denne vekslinga.

Geir Angeltveit,
Stord Venstre

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut