Meiningar:

«Stord på sitt beste – ein robust kommuneøkonomi»

AV Meiningar
Publisert
Oppdatert:

Stord kommune har sidan 2015 hatt ei negativ økonomisk utvikling. Driftskostnadane har i perioden auka sterkt i forhold til inntektene. Der vi i 2015 og 2016 gjekk med titals millionar i overskot for å kunne sikre investeringar innan skule og omsorg, ser me at kommunen i inneverande år i beste fall vil gå i null. Dette skjer i ein periode der kommunane i Noreg elles leverer gode resultat og det er stadig færre kommunar som er sett under statleg administrasjon (ROBEK).

Kva har skjedd? Kommunen har i inneverande periode hatt lågare skatteinngang og reduksjon i innbyggjartalet utan at ein har greidd å ta ned kostnadsnivået på drifta tilsvarande. Utgiftene har tvert i mot auka. Den sitjande koalisjon gjekk til val på effektivisering gjennom samarbeid mellom leiing og tilsette, dette har ein ikkje lukkast med. Eigedomsskatten har auka, og vert no i hovudsak nytta til drift, stikk i strid med intensjonane ved innføring som sa at eigedomsskatt skulle nyttast til viktige investeringar innan skule og omsorg. Vi ser også at vedtekne økonomiske handlingsreglar ikkje vert følgt.

Høgre arbeidar for politiske vedtak basert på heilskaplege vurderingar med bakgrunn i den økonomiske stoda og kommunen sine langsiktige behov. Diverre har det i perioden vore vanskeleg å få andre parti med på slike vedtak, noko ein ser resultatet av etter 4 år med Arbeidarpartiet ved roret. Ofte ser ein at det er politisk einigheit om målet, men ueinigheit om prosessen og vegen fram til målet.

Først i siste kommunestyret før sommaren, der prognose for 2019 vart framlagt, får Høgre gjennomslag for sitt syn gjennom punkt 3 i sak PS 32/19:

«Kommunestyret ber rådmannen snarast starte arbeidet med å trekkje ned drifta i Stord kommune tilsvarande 1 % av driftsbudsjettet 2019. Arbeidet skal skje i tett samarbeid med tilsette og tillitsvalde, og vera sentralt i budsjettarbeidet for budsjett 2020. Av tiltak som bør vurderast er: – auke grunnbemanning mellom anna gjennom reduksjon av vikarbruk og overtid – gjera noko med heiltidskultur gjennom fleire større stillingsheimlar.»

Dette gir von om politisk vilje til å endre kurs og Høgre vil ha ei tett oppfølging av vedtaket!

Stord på sitt beste er nemleg når kommuneøkonomien er føreseieleg og god. For at kommunen skal kunne vareta sine oppgåver og sikre deg som innbyggjar eit godt tenestetilbod, er dette heilt grunnleggjande og naudsynt.

Mindre marginar

Kva vil Høgre vektleggje framover?:

Saken fortsetter under annonsen.

• For å vera i stand til å levere gode kommunale tenester må ein leggje til rette for nye lønsame arbeidsplassar i privat sektor. Tiltak for auka innbyggjarvekst må prioriterast. Utan hamnar me i ein negativ spiral av lågare tilskot og skatteinngang.

• Ta i bruk betre økonomiske styringsparameter og rapporteringsrutinar til både kommunestyret og komiteane. Dette for å gi politikarane meir fullstendig informasjon og betre avgjerdsgrunnlag for gode vedtak.

• Eit overordna effektiviseringsprogram som vert forankra politisk og på tvers i heile kommuneorganisasjonen må implementerast. Tiltak sett i verk under programmet skal vera målbare på både kvalitet og ressursbruk. Det må setjast klare mål innanfor kvar eining. I dette arbeidet er det viktig å byggja endringskultur og inkludere tilsette og tillitsvalde.

• Utleigebustader og andre kommunale eigedommar i Stord kommune må overførast til Stord Kommunale Eigedomsselskap AS. Dette vil bidra til heilskapleg og profesjonell eigedomsforvaltning gjennom betre kapasitetsutnytting og vedlikehald, reduksjon i lånebyrde og årlege lånekostnader i tillegg til føreseielegheit i form av leigeavtalar.

• Stord kommunalteknikk skal igjen etablerast som eige føretak. Dette vil bidra til heilskapleg og profesjonell prosjektstyring og forvaltning av dei kommunale avgiftene.

• Sørgje for betre integrering av innvandrarar slik at dei kjem raskare ut i inntektsgjevande arbeid og slik sett treng mindre økonomisk bistand frå kommunen.

• Vurdere dagens organisering, innhald og lokalisering av tenestetilbodet generelt i kommunen. Som følgje av punkt 2 og 3 og ved å inkludere dei tilsette og deira kompetanse, meiner Høgre at kommunen vil oppnå både breidde og god kvalitet i tenester utan å gå på kompromiss med økonomiske handlingsreglar. Av tiltak som bør vurderast er auke i grunnbemanning mellom anna gjennom reduksjon av vikarbruk og overtid.

Me vonar du som innbyggjar også ser at det er naudsynt å endre kurs. Vonar du vil stemme Høgre ved kommune- og fylkestingsvalet 9. september og på den måten bidra til ein robust kommuneøkonomi som nettopp er Stord på sitt beste.

Inga Lothe,
4. kandidat Stord Høgre

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut