SkogplantingLesarbrev
Meiningar:

Stord Senterparti sitt miljøprogram!

AV Meiningar
Publisert

I Bladet Sunnhordland måndag 26. august har Hilde Vormedal Nybø ein kort, men svært god, gjennomgang av Sp sitt partiprogram. I siste avsnitt skriv ho at Sp har eit omfattande kapittel om miljø. Ho verkar litt undrande til det, og nemner fort nokre punkt frå miljøkapittelet, og to av dei ynskjer eg å kommentera: 1) ønskje om at skuleborn skal utføra praktisk miljøarbeid og 2) at ein går inn for skogplanting.

1) Skuleelevar utfører mykje godt miljøarbeid i dag. Mange elevar er med på ulike slags ryddeaksjonar. Og då heile Noreg blei merksame på all plasten som ligg i strender og andre stader i naturen, var elevar og lærarar raske med å koma i gong med det som kanskje er blitt ein av Noregs største og viktigaste dugnadar. Mange skular og klassar har og funne eit strandområde eller anna naturområde som dei har opparbeidd seg ei ekstra sterk pietetskjensla for og som dei held reint. Dette finn både elevar og lærarar kjekt og meiningsfullt. Når teori og praksis kan gå hand i hand, blir gode haldningar skapt og kunnskapane blir oftast sitjande betre. Fredagsaksjonane denne vinteren og våren har jo vist oss at born og ungdom har både gode kunnskapar og vilje til å stå opp for miljøet.

2) Skogplanting: Våre sentrumsnære skogområde har vore nytta til mangt opp gjennom tidene: Hogst til tremateriale og ved, bær- og sopplukking og rekreasjon. Bruk og forvaltning har gått hand i hand, og skogplanting, både etter hogst og der det ikkje har vore tre tidlegare, har skogeigarane lang røynsle med. Våre grøne lunger har vore eit omgrep me har nytta lenge, og det er barnelærdom at skogstrea gjennom fotosyntesen produserer meir oksygen enn dei sjølve brukar. I skogen er det alltid frisk luft, lærte me tidleg. Heldigvis er det og blitt allmenn kunnskap at skogstrea, gjennom same prosessen, bruker og lagrar store mengder karbon. Dei er med andre ord naturens eigne karbonfangarar. Skog har ei nøkkelrolle i å regulera klimaet fordi tre gjennom fotosyntesen absorberer meir CO₂ frå atmosfæren enn det dei andar ut, og lagrar overskotet i trevirket og i organisk materiale i jorda. Denne prosessen er særleg kraftig så lenge treet er i ungdomens vokster, og heldigvis er barndom og ungdom lengre for eit tre enn for oss menneske. Det er ikkje urimeleg å tenkja 50–70 år før det er ferdigvakse og hogstmoge. Og anten skogeigaren har vore ute med sag og øks, eller det er meir moderne reiskap som har gjort jobben, er det viktig at treplantinga kjem i gong ganske raskt etterpå for at prosessen skal vera kontinuerleg. Nett no høyrer me mykje om dei katastrofale skogbrannane i Amazonas. Me får og vita at i dei tropiske regnskogane fornyar skogen seg sjølv. Hos oss vil ein og få attgroing av hogstfelta om ein berre lar dei liggja, men det er vanskeleg om slike hogstfelt vil bli særleg rekningssvarande for komande generasjonar som skal gjera seg nytte av skogen. Heldigvis har skogeigarane opparbeidd innsikt og god kunnskap i skogsdrift, og det vil me arbeida for skal skje framover og, slik at skogsområda våre er innanfor den nordeuropeiske definisjonen av berekraftig forvaltning av skog: Berekraftig forvaltning av skog betyr å ta omsyn til skogen sine økologiske, økonomiske, sosiale og kulturelle verdiar. Skogeigaren nyttar skogen til å dyrka og produsera trevirke, men er og ansvarleg for å oppretthalda skogen si helse og biologiske mangfald. I tillegg til å ta omsyn til bruk som ikkje er kommersiell som t.d.friluftsliv.

Ut frå denne definisjonen er det freistande å koma med eit spørsmål: Vil eitt av våre mest populære og brukte skogsområde, Landåsen, kunna kallast berekraftig om det no skal byggjast ein motorveg gjennom han? Eg meiner klart at svaret er nei. Og i den samanheng kan det vera rett å minna oss på kva omgrepet berekraftig opprinneleg tyder slik det er definert i Brundtlandsrapporten: Vår felles framtid frå 1987: Bærekraftig utvikling er en utvikling som tilfredsstiller dagens behov uten å ødelegge fremtidige generasjoners muligheter til å tilfredsstille sine behov!

Godt val!

Johannes Kristian Landmark,
Stord Sp

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut