FolkehøgskuleLesarbrev
Meiningar:

Vegen vidare for Stord Folkehøgskule

AV Meiningar
Publisert

Det har vore eit spennande halvanna år sidan ideen om å starta Stord Folkehøgskule tok til.

1. april i år sende me omsider søknaden til Utdanningsdirektoratet. Og i desse dagar ligg denne til handsaming der før den skal vidare til Kunnskapsdepartementet.

Folkehøgskulen på Stord vil ha Gruntvigs unike pedagogikk som utgangspunkt med skulens særpreg i kjernen «Entreprenørskap i Nærings- og organisasjonsliv, med FNs berekraftsmål i botn.» Og me ønskjer å tilby linjer innan ungt entreprenørskap med studentbedrifter, idrett, friluftsliv med fjord og fjell, samfunnsberedskap og førebuing til politihøgskulen, filmskapar, og motocross. Med eit håp om å kunna tilby ei isbasert linje når ein ishall vert etablert. Me er veldig glade for at Atheno, idretten, næringslivet, høgskulen, motorsportmiljøet og mange lokale entusiastar har bidratt til å gjere søknaden best mogeleg. Inkludert eit fenomenalt arbeid frå Zpirit.

Når me no får søknaden behandla hjå Utdanningsdirektoratet så vil den bli vidaresendt til Kunnskapsdepartementet for evaluering. Då må me klara å overtyda storting og regjering om at Stord Folkehøgskule er verdig å bli plassert på statsbudsjettet. Skulane er finansiert gjennom ei eiga ordning på statsbudsjettet og det er høg terskel for å kome inn. Ein må spesielt overtyda om at ein vil klara å rekruttera elevar til skulen. Noko me er overtydd om.

Jan Tore Sanner fekk læra å laga pizza

Det siste halvåret har me vore rundt og forkynna prosjektet vårt. Me har vore på landsstyremøtet og hjå Stortingsgruppa til Venstre, me har blitt invitert av Emil Gadolin (Ap) inn til Opplæring og Helseutvalet i Hordaland. I formannskapet på Stord og i Samarbeidsrådet for Sunnhordland. I hovudstaden har me hatt møte med statssekretær Tom Erlend Skaug (H) i Kunnskapsdepartementet saman med embetsverket som arbeidar med folkehøgskular der. Godt hjelpt av Liv Kari Eskeland (H) og Terje Breivik (V). Me har hatt møte med dagleg leiar av Folkehøgskulerådet, Christian Tynning Bjørnø saman med Stortingspresident Magne Rommetveit (Ap). Me har hatt god preik med Knut Arild Hareide (KrF), og har hatt god dialog med Terje Søviknes, Silja Bjørkly og fylkesordførar Anne-Gine Hestetun. Så me har vore å presentert prosjektet for nesten alle parti lokalt og regionalt.

Denne oppgåva er svært viktig for oss, nettopp for å både få politisk gjennomslag til å løfta søknaden inn på statsbudsjettet og for å ha gode samarbeidspartnarar når skulen skal etablerast. På tampen før sommaren fekk me heldigvis ein god samtale med Kunnskapsminister Jan Tore Sanner, som har siste ordet på om det vert Folkehøgskule på Stord.

Får me startskotet for å etablera ein ny folkehøgskule så vil det utløysa nybygg, stor rekruttering og mykje spennande aktivitet i Stord-samfunnet. Har du gode idear og tankar til det arbeidet lyttar me gjerne.

God sommar!

Geir Angeltveit
Prosjektutviklar Stord Folkehøgskule

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut