SKAL UTVIKLALesarbrev
Meiningar:

Vi skal styrkje og utvikle campusane våre

AV Meiningar
Publisert
Oppdatert:

Den siste tida har det vore fleire oppslag både i Sunnhordland og Stord.24 om Høgskulen på Vestlandet og campus Stord. Det har vore uttrykt bekymring for nedgang i søkjartala og framtida til campusen.

La det vere sagt med ein gong: HVL har ingen planar om å leggja ned nokon av dei fem studiestadane våre. Vi har heller ingen planar om å sentralisere aktiviteten vår. Tvert imot. Vi har eit klart mål om å utvikle sterke campusar langs heile Vestlandet. Dette nettopp for å ivareta behova på dei enkelte studiestadane, både når det gjeld skular, barnehagar, helsevesen og næringsliv.

Vår universitetsambisjon er på ingen måte ei hindring her. Bakgrunnen vår for å bli eit universitet handlar nettopp om å ruste oss for framtida og levere betre utdanningar og forsking i alle regionane våre. Som det nye universitetet på Vestlandet skal vi framleis vere tett på arbeidslivet og utdanne kandidatar som er etterspurde og oppdaterte. Vi skal òg i større omfang bidra med relevant forsking som er med på å utvikle ny praksis, både i skular, barnehagar, helsevesen og næringslivet.

Det er likevel ikkje bra at søkjartala går ned på fleire av dei viktige grunnutdanningane på Stord. Færre studentar vil ramme campusutviklinga og forsyninga av dyktige lærarar, sjukepleiarar og barnehagelærarar ut i arbeidslivet vert redusert. Vi veit at ungdomskulla går ned i åra som kjem, og at konkurransen om studentar aukar. Vi veit òg at mange unge reiser bort frå Sunnhordland for å ta høgare utdanning. Fleire av desse vender heller ikkje tilbake etter at dei har fullført utdanninga si. Gjennom våre studiestadar sikrar vi at lærarar, barnehagelærarar og sjukepleiarar vert utdanna lokalt og dermed blir verande.

Urovekkjande nedgang

Å utvikle og bygge levande campusar er såleis ei sak der alle gode krefter må gå i lag for å sjå moglegheiter og hente ut gode gevinstar. På Stord er vi gang med dette, og vi er glade for å ha med kommunen og andre gode samarbeidspartnarar. Vi har mellom anna etablert ei arbeidsgruppe som ser på korleis campusen kan styrkast. I tillegg har vi starta eit arbeid for å sjå nærare på det framtidige studietilbodet, og vi arbeider aktivt med å få tildelt oppdrag som styrker campus Stord. Til hausten startar vi mellom anna arbeidsplassert barnehagelærarutdanning.

Som utdanningsinstitusjon må vi kunne fornye, utvikle, lytte aktivt og tilpasse oss framtida i lag med studentar, tilsette og regionen. Samstundes må vi ta inn over oss dei skjerpa krava som styresmaktene stiller til oss som høgskule.

Vi opplever alle at krava til kompetanse endrar seg raskt i arbeidslivet. Vi ser at behovet for gode og dyktige lærarar, barnehagelærarar, ingeniørar, økonomar og sjukepleiarar vil auke i heile landet. Det inneber at vi saman må bli flinkare til å rekruttere fleire studentar inn i desse viktige yrka, og vi må jobbe for å få studentar frå heile landet til alle campusane våre.

Ved å vera aktivt til stades langs heile Vestlandet har vi eit stort fortrinn som utdanningsinstitusjon. Vi kan vere tettare på dei problemstillingane og behova som blir etterlyste lokalt. Og vi kan bruke fagmiljøa våre på tvers for å i møtekomma behov om nye utdanningar og prosjekt. Dette fortrinnet vil vi bruke meir framover. Målet vårt er å sjå utdannings- og kompetansebehova i vestlandsregionen under eitt, og ha større kraft i samhandlinga med samfunns-, arbeids- og næringsliv. Vi ønsker å vere den føretrekte samarbeidspartnaren og vil setje spor i utviklinga av heile Vestlandsregionen.

Berit Rokne
Rektor
Høgskulen på Vestlandet

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut