DebattantLesarbrev
Meiningar:

Viser regjeringa handlekraft?

AV Meiningar
Publisert

Svar til Liv Kari Eskeland.

Det er spesielt at Erna Solberg oppmodar norske kvinner om å få fleire barn samstundes som ho gjer prosessen fram mot assistert befruktning meir byråkratisk og vanskelegare. Eskeland meiner endringane i bioteknologilova vart gjort for å ivareta barnet og omsynet til barnet sin tryggleik. Argumentet om barnets beste og tryggleik vert brukt når ein er mot politiske endringar. Argumentet vart brukt av dei som er mot likekjønna ekteskap og assistert befruktning til lesbiske par. Det vert brukt av dei som er mot eggdonasjon og assistert befruktning til einslege. Eskeland meiner altså at ein omsorgsattest og ein politiattest tryggjar barnet. Senterpartiet skriv i sine merknader at slike attestar kan gje ein falsk tryggleik. Korkje Eskeland, regjeringa eller stortingsfleirtalet kan garantera at eit par som legg fram upletta politiattest og omsorgsattest ikkje seinare kan visa seg å bli dårlege omsorgspersonar og overgriparar.

Svar til Magne Misje

Eskeland seier vidare at eg stiller spørsmål på feilt grunnlag når det informasjonsplikt for foreldre. Det er ikkje sjølvsagt at det er Eskeland si tolking som er rett slik teksten er utforma. Fleire oppslag i media syner at andre har tolka punktet slik eg har gjort. Har Eskeland rett, må teksten strammast opp språkleg, og det må presiserast kva for foreldregruppe dette gjeld.

No viser det seg at denne informasjonsplikta er symbolpolitikk og papirbestemmelse utan innhald og er sanksjonsfri. Det betyr at regjeringa ikkje vil og heller ikkje har planar om å kontrollera eller etterprøva om informasjonsplikta vert følgd opp. Praksis vert som før. Foreldre vurderer sjølve om, når og på kva måte dei vil informera barnet om opphavet sitt. Men regjeringa og stortingsfleirtalet meiner gjerne dei viser handlekraft. Det er då noko.

Magne Misje,
Stord

Les også

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut