InkluderandeNyhende
«Petter Uteligger» kjem til Stord:

350 vil bli inkluderte

«Petter Uteligger» trekkjer til seg eit stort publikum når Nav arrangerer seminar på Stord og Husnes.

AV Magne Kydland
Publisert
Oppdatert:

Torsdag er det klart for «Inkluderingsdugnaden i Sunnhordland», og 350 personar kjem på Inkluderingsseminar på Stord Hotell.

Bakgrunnen for arrangementet er at det er stor etterspurnad etter arbeidskraft, men bedriftene melder om at dei har utfordringar med å få nok kvalifiserte folk. Samstundes er det mange som står utanfor arbeidslivet. Nokon kan ta ein jobb på kort varsel, nokon treng kompetanseheving, andre har «hol i CV-en» og fleire har tilretteleggingsbehov.

– NAV skal vera med å skapa ein match mellom arbeidsgjevar og arbeidssøkjar. Nav formidlar arbeidskraft til ordinære stillingar. Me ynskjer også bruka meir av tiltak som lønstilskot for å leggje til rette for at arbeidsgjevarar vil tilsette til dømes personar som har hol i CV-en. Dette kan gje ein gjensidig gevinst for både arbeidsgjevar og arbeidstakar. Difor arrangerer Nav arrangementet «Inkluderingsdugnaden i Sunnhordland», seier leiar for Nav Sunnhordland, Astrid Østerlid.

Inkluderingsdugnaden er ei satsing frå regjeringa som vart lansert i 2018. Det er eit initiativ og oppmoding til alle om å ta eit samfunnsansvar for å få fleire i arbeid. Bakgrunnen er blant anna utfordringane Norge vil få med å halde velferdsordningane berekraftige når ein av fem i alderen 20-65 år er utan arbeid, fleire vert eldre og det er forventa ein framtidig reduksjon i inntekter frå olje- og gassnæringa.

– Me oppmodar alle med eit engasjement og interesse for inkludering om å bli med på «Inkluderingdugnaden i Sunnhordland» 21. februar. Me vonar arbeidsgjevarar, arbeidssøkjarar og andre vil finna inspirasjon i innlegget til Petter Nyquist med fleire, seier Astrid Østerlid.

Nyquist er kjent frå TV 2-serien «Petter Uteligger, og vil snakka om arbeidet sitt, raushet og samkjensle. Arrangementa vert halde same dag på Kulturhuset Husnes om morgonen og Stord Hotell etter lunsj.

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut