BILBRANNNyhende
Politiet:

Bil tok fyr ved nedlagt ferjekai

Rett over midnatt natt til måndag fekk politiet melding om ein bil i fyr ved den gamle ferjekaien i Valevåg.

AV Henrik Mundal Andreassen
Publisert
Oppdatert:

– Brannvesenet rykte ut til staden og fekk sløkt brannen. Politiet fekk forklaring frå sjåføren av bilen, og eit anna vitne, seier vaktsjef Bjørn Mælen ved Haugesund politistasjon.

Det er ikkje meld om personskadar, men bilen fekk store materielle skader i brannen.

Alle brannar skal etterforskast, og det er difor oppretta politisak på bilbrannen. 

Etter det politiet førebels veit, ser det ut som om brannen kan ha starta i motorrommet til bilen.

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut