Bra damerNyhende
1.080 meter over havet:

Bra damer på kvinnemarsj på Rjukan

Blant dei 1.750 deltakarane på Kjerringsveiven var denne gjengen frå Stord og Tysnes.

AV Magne Kydland
Publisert

Dei plar reisa på tur ein gong i året, og kor mange som blir med varierer frå år til år. Dette året var dei 12, fire frå Stord og åtte frå Tysnes. Årets mål var den 12 km lange turmarsjen Kjerringsveiven på Rjukan.

– Me fanga opp turen via kjende på sosiale medium, fortel Hilde Kråkenes Engelsen. Tidlegare turar har vore på ski, blant anna det såkalla Slarverennet på Gol, også det bere for damer, men i år ville dei på fottur til fjells.

– Dette er turar som er «tur», ikkje tidtaking og om og gjera å komma først i mål. Dette er superkjekt pga. det sosiale, og me likar alle å gå i fjellet, uansett årstider, fortel Kråkenes Engelsen.

Når dei først var på Rjukan vart det også ein tur innom Vemork, og historia om tungtvassaksjonen. Også turmarsjen gjekk innom delar av den såkalla sabotørstien.

– Nokre av oss måtte også få med oss Gaustatoppen når me først var der. To av dei frå Tysnes gjekk til toppen på fredag i eit ufyseleg snøvêr. Og fire stordjenter tok opp turen søndag, før me reiste heim. Dei starta i fint vêr, men diverre kom skyene, og det vart dårleg med utsikt, fortel Kråkenes Engelsen, som gjev ros til ho som tek initiativet til turane.

– Heidi Renate Røssland frå Tysnes er initiativtakar til turane våre, og superflink og organisera og bestilla, det set me veldig pris på. Men me hjelper ved behov, understrekar Hilde Kråkenes Engelsen.

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut