SØKJER FAMILIARNyhende

Desse to søkjer vertsfamiliar på Stord

Den 16. august kjem 121 spente utvekslingselevar til landet gjennom AFS Norge Internasjonal Utveksling.

AV Ingvild Siglen Berger
Publisert
Oppdatert:

Elevane skal vera i Norge dei neste 11 månadene, gå på ein norsk vidaregåande skule og bu hos ein vanleg norsk familie.

– Nokon veit kor dei skal bu, og har alt pakka kofferten klar i forhold til klima. Diverre gjeld ikkje dette alle. Over 100 av dei manglar framleis vertsfamilie, og lurar veldig på kva stad dei skal kalla heim når dei kjem til Norge i august, skriv Marta Binelli, programassistent for AFS Norge Internasjonal Utveksling, i ei pressemelding.

Søkjer familiar

To av elevane som kjem er Hannah frå Tyskland og Hiroto frå Japan. Begge søkjer vertsfamiliar på Stord som er villige til å opna dørene sine.

– Å ta imot ein utvekslingselev er ein fin måte å læra om ein ny kultur, samstundes som ein får sjå den norske kulturen gjennom nokon andre sine auge, skriv Binelli.

Ein treng ikkje å væra ein «kjernefamilie» for å verta vertsfamilie med AFS.

– Om ein er éin eller to foreldre, med små, store, vaksne, mine, dine, våre eller ingen born, har ingen betyding. Vertsfamiliar kan komma i alle formar og fasongar, her er det berre kreativiteten som set grenser. Det viktigaste er at du er open for å ta imot ein student inn i livet og kvardagen din, og ikkje minst i hjarta ditt.

Morosame og snille

Hiroto frå Japan vert beskriven som morosam, snill og kreativ. Han kjem frå ein familie på fem og har vorte veldig inspirert av både faren og søstera når det kjem til det å reisa og oppleva verda. Hannah frå Tyskland vert av foreldra beskriven som ei sjølvstendig, sosial, aktiv og snill jente som elskar livet.

– Hannah sin store lidenskap er klatring, i tillegg likar ho å svømma, stå på ski og utforska naturen rundt seg. Ho speler også piano og likar å høyra på musikk, opplyser Binelli.

AFS er ein ideell organisasjon som jobbar for å bidra til fred og forståing på tvers av landegrenser, mellom anna gjennom å organisera utveksling for elevar på vidaregåande skule.

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut