På gangenNyhende
Sp-nestor Johannes Landmark:

– Det ville vore heilt eineståande dersom Sp fekk ordføraren

Sp-veteran og partistyremedlem Johannes Landmark (70) hevdar at makthavarane i Stord Sp dreiar mot venstre i det viktige vegvalet.

AV Kjetil Østrem
Publisert
Oppdatert:

– For eigen del vil eg plassera meg sjølv til venstre i sentrum. Det får bli mitt personlege svar.

Utover det ønskjer ikkje Landmark å seia noko om stemninga på møtet, som blei halde heime hos ordførarkandidat Jakob Bjelland, på Bjelland. 

– Men det har vel kome fram i alle samanhengar at dei fleste har vore nøgde med samarbeidet i koalisjon med Ap, Krf og SV dei fire siste åra, seier 70-åringen. 

Ein vidareføring av koalisjonen vil i så fall gå på kostnad av frieriet frå høgresida, der mellom anna Stord Frp gjorde tidenes beste val på Stord. 

– Det skal bli spennande å sjå kva veg dette vippar. Sjølv ønskjer eg ikkje å forskottera noko, seier Landmark. 

Partimøte

Seint tysdag kveld var Landmark til stades på partimøtet, der styret, den nye kommunestyregruppa og nokre varamedlemmer var til stades. Tema var det politiske vegvalet, etter Sp sitt sterke lokalval på Stord. Sentrumspartiet sit med nøkkelen for kven som skal styra Stord kommune dei neste fire åra, og har beilarar både til venstre og til høgre for seg.

– Det skal forhandlast onsdag, og på tysdagens møte prøvde me å gje råd for dagen, seier Landmark.

Gjennomslag

Sp-veteranen legg heller ikkje skjul på at han tykkjer det ville ha vore heilt eineståande dersom Sp hadde fått ordføraren dei neste fire åra.

– Men ikkje for einkvar pris. Å få gjennomslag for politikken vår er det viktigaste. Me har nullvisjon når det gjeld matjord. Andre viktige saker er innfasing av dei nye sjukeheimsplassane, me er imot privatisering av kommunale tenester, me vil byggja Nysæter ungdomsskule og me vil løysa skuleproblemet på Langeland - i Langelandskrinsen. I alle desse sakene har me teke viktige standpunkt, seier Landmark.

– Så det er ikkje sånn at Sp vel den sida som gjev Jakob Bjelland ordførarkjedet?

Saken fortsetter under annonsen.

– Nei, nei, nei. Det kan ikkje seiast slik. Og me ønskjer heller ikkje ein ordførar som driv andre parti sin politikk. Men no må eg få understreka at eg er ikkje med i forhandlingsutvalet, så eg kan ikkje seia noko om kva samtalane vil bringa, seier Landmark.

Les også: Desse fekk plass i kommunestyret på Stord

Den pensjonerte læraren har 20 års fartstid i Sp. Han har i løpet av den tida vore både lokallagsleiar og kommunestyrepolitikar. På spørsmål om kva tankar han gjer seg om den unike posisjonen Sp har fått, svarar han følgjande:

– Jakob Bjelland kalla vel situasjonen for uverkeleg. Og eg må seia noko av det same. Du blir litt svimmel av det heile. Me skal sjølvsagt bruka posisjonen for det han er verdt. Men samstundes er eg oppteken av at me tenkjer etisk - at me ikkje gjer val som kan oppfattast som uetiske. Me må tenkja moralsk, og halda tunga beint i munnen. Eg har tillit til at det blir teke omsyn til i forhandlingane, og at forhandlingane vil bli førte på ein god måte, seier Landmark.

Les også: Frp gjorde tidenes beste val på Stord, men kan likevel hamna utanfor det gode selskap

Koordinator

Per i dag står han oppført som studieleiar i styret til Stord Senterparti.

– Kva er det for eit verv, Landmark?

– He-he. Ja, det kan du seia. Eg held meg jo litt i bakgrunnen no til dags. Men under valkampen har eg vore ein slags koordinator, som har trekt i trådar i samband med stands, og slike ting. Og eg må få lov til å skryta over mannskapet. Det har vore ein fryd. Sjølv om eg masar på folk, så får eg berre smil tilbake, så det har vore eineståande, seier Johannes Landmark.

Les alt om valet på Stord og Fitjar her!

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut