Nye fjesNyhende
Nye fjes i kommunestyret:

Dette tenker dei om den nye kvardagen

Blant rutinerte lokalpolitikarar er det heilt nye namn. Me har snakka med to av dei.

AV Vidar Hope
Publisert
Oppdatert:

Reinert Svanberg (36) engasjerte seg for lokalpolitikken for fullt då kampen mot biogassanlegg i Grunnavågen i Sagvåg stod på som mest. Svanberg greidde etter kvart å stikka så mange kjeppar i hjula at Jan Kåre Pedersen & Co. rømde vekk frå bydelen i vest. No er Svanberg valt inn i kommunestyret for Framstegspartiet. Sagvågaren stod oppført på sjetteplass på vallista. Med 159 personstemmer og 35 slengarar hamna han til slutt som nummer tre for Frp.

Aktiv i ordskiftet

– Eg har alltid vore interessert i politikk, men eg har ikkje ønskt å vera i ei profilert rolle, seier Svanberg til Sunnhordland onsdag.

Som valkampleiar for Stord Frp har han uansett blitt svært profilert. Svanberg har vore aktiv i ordskifte i kommentarfelta til Sunnhordland. Han har også skrive ei rekkje debattinnlegg, både med eigen signatur og under partifeller sine.

– Eg har vore ganske synleg i valkampen, og folk ser ut til å vera nøgde med det eg seier og skriv, seier han.

I heimbygda hans Sagvåg røysta nesten éin av tre veljarar på Framstegspartiet.

– Me har vore tydelege på kva me vil med utbygginga av Nysæter ungdomsskule. Eg trur det er hovudårsaka til resultatet i Sagvåg, seier han.

36-åringen meiner det er litt fint at valkampen no er over. Men han lener seg ikkje tilbake.

– No er det politikk som må hamrast ut. Eg ønskjer å bidra konstruktivt i kommunestyret og er oppteken av at faktagrunnlaget er på plass i sakene, seier han.

Saken fortsetter under annonsen.

Desse fekk plass i kommunestyret

Slår eit slag for dei svakaste

Tore Roth Blokus (39) stod på andreplass på Raudt si valliste på Stord. Mange kjenner han som NM-vinnar i petanque. Men 39-åringen har vore politisk interessert i fleire år, både som hovudtillitsvalt og som vara for SV ved førre kommunestyreperiode. I går blei det klart at Blokhus gjekk forbi toppkandidat Rose Maiken Flatmo og sikra lokallaget sin eine plass i kommunestyret.

– Rose har gjort ein kjempegod jobb i valkampen. Eg fekk nok personstemmene og slengarane fordi eg har eit lokalt fjes, seier Blokhus.

– Det er veldig kjekt å bli valt inn. Eg blir audmjuk av slengarar og personstemmer, og no kviler det eit ansvar for å gjera ein god jobb. Det er Raudt Stord som kjem inn i kommunestyret, legg han til.

Blokhus, som høyrer til eitt av ytterpartia, meiner det er bra for breidda at Raudt no er inne.

– Det blir ein del å setja seg inn i, men eg er veldig motivert. Eg opplever at det er god tone på tvers av politiske parti, seier Blokhus, som også trur det blir tøft.

– No skal me gi ei stemme til dei mest sårbare gruppene. Det kjem til å bli ein tøff periode økonomisk, då er det viktig at Raudt er med, slår Blokhus fast.

Få med deg alt frå valet på Stord og Fitjar her!

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut